Sv: Sv: Sv: Sv:
Opprettet 9/14/2011 1:28:39 PM
Sist oppdatert 9/14/2011 1:28:39 PM
Er tydlegvis ganske aleine om dette, men det må nesten være sagt.
Synes Steve Kean får kritikk altfor tidleg. Eg er også usikker på om han er rett mann, men etter mitt synspunkt er det alt for tidleg å site her å skrike på hans avgang. Det er ingen her inne som har nok kompetanse til å uttale seg om dette på noværande tidspunkt. Ingen veit kva som skjer bak dørene på Brockhall (bortsett frå at ulike spelarar uttalar seg positivt om både klubben og Steve Kean). Å kritisere spelaruttak og bytter undervegs er greit nok, men utan å vite kva som ligg bak frå ei treneingsveke, blir det i beste fall ignorant å kreve managerens avgang basert på dette. Meinar eg fann litt kritikk mot å bytte inn Lowe på søndag. Eg er totalt ueinig, og vil meine det var eit tøft og godt bytte. Lowe har kapasitet og defansive fiber, som vi tilsynelatande trengte utover i 2.omgang. Men igjen, eg har ikkje sett han spele så himla mykje. DET har derimot Steve Kean og Faxe.
Kean har lagt om spelestil og henta nye typar spelarar, fordi han har fått lov til å forme laget etter sin filosofi. Tilsynelatande er dei fleste kjøpa han har gjort, gode signeringar. Allereie der fell samanlikninga med Paul Ince som henta blant andre Keith Andrews og Vince Grella. Bortsett frå eit mysteriekjøp, Myles Anderson, så synes eg ting virkar lovande. Utfordr meg gjerne på det feltet.
Vi har no spelt 4 kampar, med ein begredeleg poengfangst. Det er openbart ikkje heldig. Likevel viser det seg, gang på gang, at kontinuitet i managerstolen er ein nøkkelfaktor til ein fotballklubbs suksess. Det får vi ikkje oppleve om vi som fans skal få oppfylt ønsket vårt med å sparke manageren kvar gong han har ein dårleg start. David Moyes i Everton f.eks, endte på plassen over nedrykk i 03-04, men sit fortsatt i stolen og har levert både 5.plassar og ein 4.plass for Everton - som er eit lag vi godt kan samanlikne oss med - etter den tid.
I tillegg kan de kike litt bak resultata vi har hatt i det siste. Mot Fulham leverar vi ein godkjent 1.omgang på bortebane, ein elendig 2.omgang, men 1 poeng likevel. Isolert sett eit ganske bra poeng. Mot Everton er vi villt uheldige (det går ikkje and å nekte på, vi spelar til tider ganske bra faktisk). I opningskampane mot Wolves og Villa lider vi sterkt av mangel på midtstopparar. Der er vi uheldige med at dei tre rutnerte vi har er ute med skade, og at vi strengt tatt burde hatt meir backup på denne plassen. Det har vi fått fiksa i ein spelar(Dann) som er ubegripeleg for meg at vi klarte å hente til Ewood. Poeng Steve Kean.
Paradokset i det heile er slakta av Venkys som uttalar mål om topp-6, etterfulgt av CL-plass. Dei meinar tydlegvis, som alle de andre hyklarane, at vi er mykje betre enn vi er. Vi har ikkje vore gode sidan 7.plassen med Hughes for fleire år sidan. Gi Steve Kean litt tid og sjansen til å bygge eit lag. Støtt klubben, og drit i å være dommedagsprofetar kvar gong det blir litt dårleg vær!
Til slutt denne protestmarsjen. Sikkert ganska openlyst kva eg meinar om dette. Engelske fans og media er latterleg raske til å trekke konklusjonar, og dømme lag nord og ned etter eit par dårlege kampar. Fire(4!) kampar er spelt, og det er umuleg å seie om ting snur.
Du må være innlogget for å svare