Opprettet 5/30/2011 5:58:15 PM
Sist oppdatert 5/30/2011 6:03:12 PM
Ha ha, eg berre tulla.
Eg hatar West Ham hardt og brutalt, problemet er no berre at eg tippar at dei vil få ein viss suksess (som eg på ingen måte unnar dei), og det gler eg meg ikkje til.
Når det kjem til spissar og scoringar: vel, om spissane scorar eller nokon andre gjer ser eg på som mindre relevant (kor flott var det vel ikkje at Dunn laga eit tosifra tal mål i 09/10?). Samanliknar ein Bolton (under Sam) og Rovers (under Hughes) finn ein at dei to laga scora omtrent likt mange mål, og då er eg nesten tilbøyeleg til å seie at det er betre at heile laget er i stand til å score enn at det meste kviler på ein Bellamy eller ein Benni Mac.
Elles henta vel Sam Anelka, som putta 12 i 06/07, og at Sam trekte seg i slutten av april det året er mindre relevant for den statistikken.
Eg håpar du har rett ang. komande sesong. Det handlar om å score eitt mål meir enn motstandaren, og frå januar og inn vart det som regel anten mange mål begge vegar, eller få må begge vegar, men sjeldan eitt meir til Rovers. Klarar Kean å snu den trenden blir det fest (
edit: og eg skal snu meg i grava, eller kva det heiter)!
edit 2: funfact: i 04/05 vart Everton nr. 4, med -1 i utrekna målforskjell.
Du må være innlogget for å svare