Sv: Sv: Rovers godt beskrevet
Opprettet 1/13/2012 2:54:42 PM
Sist oppdatert 1/13/2012 4:48:24 PM
gordon skrev:
Jeg syntes det er supporterne som har det største ansvaret for at klubben sliter så mye, og at spillere nå vil bort fra klubben. Hvis man tror det å protestere utenfor stadion, og leie fly til å kjøre over under kamp hjelper så kan jeg si det er som reine dødsstøtet mot Blackburn Rovers som klubb.
Klag klag klag klag klag klag klag klag klag........
HJELPER DET?!?
Du har kanskje eit godt poeng at all denne protesteringa ikkje hjelper klubben, men at supporterane har det største ansvaret er eg heilt ueinig i.
Problem med eigarar og manglande administrasjon har vorte diskutert opp og ned i mente, så det orkar eg ikkje å gå meir inn på. Men når den viktigaste parten av ein fotballklubb(ja, fansen) ikkje blir høyrt eller respektert, så reier klubben og Venkys si eiga seng.
Eg har vore ein av dei som hadde tolmod til å gi Venkys tid til å utrette noko. Men når dei viser så lite handlekraft som dei har gjort i det siste, så går sjølv eg tom for tolmod.
Protestane har holdt på for lenge, og eg syns heller ikkje at "flystuntet" var så heldig, men når desse som protesterar ikkje blir høyrt, så fortsetter dette eller dei som protesterar mistar lysta og iveren. Det siste er det farligaste. Enn så lenge er det fortsatt engasjement rundt klubben, i form av desse "uheldige" protestane. Om ikkje klubben reagerer snart, så er eg redd at neste steg på vegen er resignasjon. Då er det ikkje mange på Ewood Park igjen. Det er det som skremar meg meir enn noko. Klubben er avhengig av at 20000 tek turen til Ewood annakvar laurdag. Så lenge engasjementet er der, er det fortsatt håp.
Klag,klag,klag..hjelper det?
Om ikkje nokon seier ifrå(om du absolutt vil kalle det klaging, så gjerne for meg), så får desse folka ture fram akkurat slik dei vil. Det trur eg nødig er ein gunsitg situasjon for oss. Vi er avhengig av at noko skjer på eigarsida, fortare enn svint. Enten at Venkys leverar, eller at dei gir frå seg ansvaret. For at det skal skje, så må nokon "klage".
Du må være innlogget for å svare