I dag sende Sky Sports eit langt studio-intervju med agenten Jerome Anderson. Anderson var sentral i prosessen som enda med at Venky's kjøpte Blackburn Rovers F.C. og mange har stilt spørsmål ved rolla Anderson har hatt også i tida etter overtakinga.
No går altså Anderson sjølv til media for å fortelje si versjon av historia - han tek æra for å ha fått Jermaine Jones, Ruben Rochina og Mauro Formica til klubben, samstundes som han skryt av Kean, og kritiserer og legg mykje av skulda for dårlege resultat på skuldrande til Roversfansen.
Intervjuet kan du sjå i sin heilskap ved å klikke her.