Opprettet 5/16/2011 9:52:15 PM
Sist oppdatert 5/16/2011 9:53:34 PM
Venkys tek ikkje avstand ifrå Kean grunna dei dårlege resultata vi har hatt etter at han tok over skuta - Sikkert mykje grunna at dei synest det er vanskeleg å beklage den dårlege avgjersla, samt bryte eit løfte om at han skulle få sitte trygt ut kontrakta. Dei har der i mot uttalt at annsettelsen av Kean kom etter anbefalingar ifrå Kentaro og gjengen, og at dei eigentleg hadde andre namn i kikerten.
Dette bør vere ein gyldig sjanse og grunn for å sparke denne håplause mannen tilbake til Skotland. Eg tilgir dei glatt om dei gjer det, og vil absolutt ikkje anklage dei for løftebrudd - Eg vil langt på veg faktisk gje dei ei lita stjerne i boka.
Etter at eg i lang tid var ein av få som hadde trua på, eller i vertfall prøvde å finne positive sider ved, Steve Kean, så har eg også i løpet av dei siste par månadar mista all tru på vår skalla skotte. Dette var bokstavelig talt dråpen som fekk begeret til å renne over, missforstå meg rett - det har vore
fullt i lang tid.
Etter denne hendelsen trur eg faktisk vi har større sjanse på poeng mot Wolves utan Kean på sidelinja. Kan ikkje vere lett å ta denne mannen seriøst lengre.
Eg blir faktisk bekymra/skuffa om det ikkje kjem ein reaksjon ifrå våre kjære eigarar på Keans oppførsel.
Gje meg Nelsen og Parkes på treningsfeltet asap og på sidelinja på søndag.
Kean kan ta sekkepipa si og gå.
Du må være innlogget for å svare