Opprettet 12/17/2010 4:00:58 PM
Sist oppdatert 12/17/2010 4:00:58 PM
No veit vi vel alle her at ein ikkje skal og ikkje kan tru på alt som står på trykk i aviser og på nett, så alle uttalelsar i frå Rao-brørne og Desai bør takast med ei klype salt. Kanskje til og med opp til fleire klyper med salt.
Sparkinga av Big Sam er i og for seg grei, eg forstår den om eg legg eit tonn med godvilje til. Tidspunktet var kanskje ikkje ideelt.
At dei no gir sjansen til Steve Kean kan vise seg å vere ein genistrek, men det kan også vise seg å vere riv ruskande tullerusk..Men på mange måtar er det betre enn å skule forhaste seg med å annsette ein ny trenar - vi kunne sikkert fort endt opp med Diego Maradona ha dei teke ei avgjersle i all hast.
Eg trur ikkje Steve Kean kjem til å gjere det noko nemneverdig dårlegare eller betre enn kva Sam Allardyce har gjort det. Vi får sikkert (forhåpentlegvis) sjå eit litt meir ballspelande Blackburn i ein litt meir offansiv formasjon. Men forvandlinga kjem nok til å skje gradvis og ikkje over natta. Eg trur heller ikkje vi kjem til (nokon gong) å spele fotball slik som Arsenal og Barcelona (som må seiast er kanskje verdens mest ineffektive fotball, men sabla flott å sjå på :p)
Når det gjeld kor mykje pengar Venkys er villige til å spytte inn i transferkassa, så er det vel ikkje gitt noko konkrete svar på det. Det har vore snakka om 50 millionar (NOK) no i januar - men BFS var også linka til spissar i 100 millionars (NOK) klassa, samt N´Zogbia til ein plass mellom 70 og 80 millionar (NOK) + ein venstreback og div. Noko som kjem på den nette sum av omlag 200 millionar (NOK), for berre januar 2011. Så kva skal ein tru? Venkys har i vertfall pengar, og skal dei nå sine ambisjonar for klubben om ein plass i toppen av PL og kanskje CL spel i løpet av dei neste par åra, ja så må dei satse økonomisk også. Og eg tvilar sterkt på at dei er så forbanna naive at dei trur det vil vere nok å spytte inn 100 millionar (NOK) per sesong for å oppnå dette.
At dei søkjer råd hos Kentaro og SEM (eller ka det var det no heiter) no i startfasa kan sikkert vere lurt, dei er tross alt nye i gamet. Det er også lovpålagt i frå PL at desse rådgjevarane ikkje har lov til å bestemme og ta avgjerslar for klubben, så til sjuande og sist er det Venkys, eller forhåpentlegvis John Williams og dei som er ansatte i Blackburn Rovers som bestemmer over klubben. Kentaro kan kome med råd til Venkys om kven dei burde kjøpe og kva dei burde gjere, Venkys kan velje å høyre på desse råda og prøve å overtale John Williams og manageren om at dette er det beste for klubben, men til sjuande og sist er det JW og Mr.Manager som tek den endelege avgjersla.
Det er bere normalt at det er kaotisk rundt ein klubb etter at dei nyst har skifta eigarar. Og når det sitt ei kjerring i India som blir sitert og feilsitert på ditt og datt der, samt har to PR-kåte Rao-brør som blir sitert på meir ditt og datt, både rett og gale der dei ferdast, samt er tilknytt to rådgjevingsfirma no i startfasa (forhåpentlegvis er desse ute av dansen når VENKYS har lært seg trinna), samtidig som manager blir sparka og erstatta av førstelagstrenaren og gud veit kva eg no har gløymt - Ja, så er dette snadder for tabloidene, bloggera og det som verre er. Og folk elskar å både skirve og tenkje negativt, spesielt om møkkalaget (i alle andres auger enn oss som held med klubben) Blackburn Rovers, som spelar den kjedeligaste og mest forhatte fotballen på balløya. Kan det skrivast noko dritt, ja så brukar dei smøre opp på flesk. Slik har det no vel altid vore. Og når noko blir plukka opp i india, vidareformidla feilsitert til england, plukka opp av ein journalis og gjenngitt litt meir feilsitert på nettavisa han skriv for, for så å bli plukka opp av nok ein kar som skal blande dette inn i ein sak han held på å skrive.. ja så ballar det på seg og ballar det på seg. Dette er eit kjendt fenomen. Og det meste som står skreve i aviser og på nett har denne sjukdommen. Sjølvast, noko har sikkert rot i sanninga - men kva?
Dykk kan no sjå på saka om Diego Maradona som eg skreiv for BRSCN - Clucking Hell. Blackburn in for Maradona, denne var opprinneleg skreve av Alan Nixon - Nicko og han treff som regel på 9 av 10 saker han skriv. Den saka hadde ikkje rot i sanninga - som eg skreiv no nyst - Desai avkrefta på det sterkaste at der var noko kopling mellom Venkys - Maradona og Blackburn. Saka har kome fram i verden fordi nokon på eit av kontora til Venkys, ein eller anna plass ute i den vide verden hadde snakka om Maradona i gangane - nokon hadde så plukka dette opp og tipsa ein journalist som grov litt meir, laga ein sak og satt heile sirkuse til livs. Dette er berre eit eksempel og det finnast sikkert 1000 til.
Men no må ikkje folk missforstå meg her - eg er ikkje utelukka positiv til alt som skjer i og rundt klubben vår for tida, men det skuldast nok først og fremst alt som blir skreve om Blackburn for tida og det er umulig å vete eksakt kva som er sant og kva som ikkje er sant. Eg er bekymra eg også, men kanskje ikkje fullt så negativ som mange andre. Tenkjer ein rasjonelt så veit enn at det meste ein les på nett og aviser ikkje har rot i sanninga. Det einaste som er sikkert og tvist, er det som skjer det skjer..så for vi håpe at det som skjer er det beste for klubben.
Det vi veit er at Venkys no har kjøpt opp Blackburn Rovers - at Sam Allardyce har fått sparken - John Williams var i tenkje boksa og at Steve Kean er ansatt som midlertidig manager. Dette i meget grove trekk.
Vi er nesten berre nødt til å vente på å sjå kva som skjer vidare, om Steve Kean viser seg å vere rett mann på rett plass til rett tid, om vi får ein liten pakke eller ein stor pakke i frå Venkys til jul (-pengar baby, eg snakkar pengar), om dette går til helvete - eller om vi sakte men sikkert får ein etterlengta opptur i klubben.
Det einaste som er sikkert er at det er frykteleg spennande det som skjer i klubben for tida, eg og mange andre har aldri vore meir engasjerte (det er i vertfall frykteleg lenge sidan sist) og Blackburn er i mediene som aldri før (noko som kan vise seg svært så positivt for forsettelsen til denne sjarmerandes klubben vår).
Eg sett min lit til Steve Kean resten av denne sesongen, eg stiller meg bak han og trur han vil forsette det gode arbeide som Sam Allardyce har lagt ned i denne klubben. Dei har tross alt jobba tett i lag i 2 år. Eg både trur og håper at vi vil få sjå ein litt anna fotball filosofi i frå Kean og ein litt meir offansiv foramsjon etter kvart (helst allereide mot West Ham). Ein ting er i vertfall sikkert, vi kjem ikkje til å rykke ned. Det er faktisk ikkje snakk om. Det er like kort avstand opp til topp 7 som det er ned til sumpa, men det er i vertfall minst 4 lag som er dårlegare enn oss i PL og spelar Blackburn litt over evne, samt for nokre forsterkningar i Januar så trur eg vi vil havne sånn ca midt på tabellen i år.
Up The Rovers - Arte et Labore <3
Du må være innlogget for å svare