Opprettet 1/10/2011 7:25:41 PM
Sist oppdatert 1/10/2011 7:25:41 PM
Garner er spot on, fasit.
Utifrå det eg har lese på britisk forum frå folk som såg kampen live, gikk QPR virkelig i krigen mot oss. Grisetaklingar og albogar florerte visst nok. Denne taklinga til Mackie er heilt fullstendig tullete. Spisstakling de luxe, og eg forstår godt at lagkameratane til Givet hissa seg opp, særleg då Mackie, utruleg nok, prøvde å stå på beinet sitt etterpå, noko Diouf og andre sikkert oppfatta som om det hadde gått bra med han.
Så i denne situasjonen støttar eg Diouf. Eg er derimot ikkje heilt samd i alle som hyllar Diouf som ein kjempespelar og nokon vi bør satse på i framtida. Så god er han ikkje. Ja, han held bra på ballen, og har hatt eit par fine pasningar til Olsson osv. Men han har også utallige gongar stoppa tempoet i angrepa til Rovers, venta med å slå inn ballen berre for å ta ei skotfinte utan rykk, og gått for frispark sånn vi kan flytte fram storebamsane istaden for å sette fart rettvendt. Eg ser verdien av å ha han no fram til sommaren, etter det forventar og håpar eg at han blir erstatta.
Du må være innlogget for å svare