Opprettet 1/9/2011 2:09:42 AM
Sist oppdatert 1/9/2011 2:43:33 AM
I denne saken er det Neil Warnock som er den stygge ulven. Usmakelege uttalelsar han kjem med etter kampen, mannen har til og med hatt tid til å reflektere over situasjonen. Men alle veit, at får man sjansen til å hudflette El Hadji Diouf - så tar man den. Diouf har kanskje gjort seg fortjent eit dårleg rykte, men media og andre idiotar (her representert av Neil Warnock) har skuld i den halvparten Diouf ikkje har.
Ja, der har vore mange stygge episoder i frå Diouf opp gjennom åra - enkelte gongar er han rett og slett berre uheldig og/eller gjer berre ein liten menneskeleg glipp - Men sidan det er Diouf det er snakk om så kan ikkje ein liten glipp heller få ligge. Mannen er hata av heile fotball europa, ja kanskje verden. Alle auger er på kvar ein minste liten bevegelse han gjer, slik har det vore sidan han satt sine bein på engelsk jord og kanskje får den tid. Ikkje rart det dårlige image hans er som det har vårte. Eg gir Diouf skulda for 30% av det dårlige image/rykte, media 50% og idiotar som Warnock 20%.
I år, og kanskje allereide litt i fjor, har vi fått sett ein Diouf som i vertfall prøvar eller rett og slett berre har vorte \"snildare\". Han har faktisk mange gongar vore den som har roa ned gemyttane ut på bana. Han sleng sjølvsagt forsatt i ny og ned med leppen, men kven faen gjer ikkje det. ALLE gjer det. Men når Diouf gjer det, er alle auger på han.
Episoda i dag, har eg ikkje sett. Men ut i frå kva eg har lest og hørt er det QPR spelaren som har skuld i alt. Givet og vedkommande kjempar om samme ball, Givet prøvar å trekke seg fordi han ser at det kjem til å ende med ein stygg smell, men QPR spelaren fullfører. Givet blir liggande og QPR spelaren kjem seg på beina. EG forstår meget godt at Diouf blir fly forbanna på QPR spelaren i den situasjonen og at han forsvarar GIVET. At det viser seg i etterkant at QPR spelaren har bråte beinet har INGENTING med saka å gjere. Diouf reagerte på ein stygg hendelse og forsvarte sin lagspelar. UETISK? NEI!
Hadde situasjonen vore omvendt, at Givet hadde fullført taklinga - så hadde nok Neil Warnock slengt med leppa om kva dritspelar Givet var/er.
Og for å få det klinkande klart, JA - eg er edru. Berre ein 16åring sitt å skriv på forumet i fylla.
Gi Diouf ein sjanse, ikkje kom med dinne heksejakta kvar ein einaste gong. Av å til kan mannen vere litt usmakeleg - men så gale er han ikkje.
Peace out!
Feir heller sigeren i dag og la oss håpe vi får Burnley eller Villa i neste runde.
Edit: Enkelte her inne har også alt for lett for å hive seg med på dei negative bølgene som dukkar opp i avisene og på nett - noko som er heilt på trynet i og med media oftare tek feil enn rett - i alle saker. Og lagar 10 høns av ei når dei det har muligheita til.
Du må være innlogget for å svare