Opprettet 12/10/2010 3:53:19 PM
Sist oppdatert 12/10/2010 3:53:19 PM
Ser at John Carew sitt namn er satt i relasjon til Blackburn i det siste. Ein ny nordmann i klubben hadde eg satt stor pris på, men Carew dreg litt på åra, er skadeplaga og har sikkert meget godt betalt i Aston Villa. I forhold til dette er eg difor einig i dei kritiske røystene her på forumet. Ein slik overgong hadde rett og slett vore gambling.
Eg vil likevel nytte høve til å forsvare Carew. Vesle-John har spelt for mellom anna Valencia, Lyon og Roma, og gjort det stort sett bra. På sitt beste har vi sett han leike seg med verdensstjerner. Eg vil særleg trekke fram ein kamp for Lyon(?) mot Real Madrid, der han var heilt vill. Den råaste kampen eg har sett av ein nordmann nokon gong. Roberts, Benjani og Kalinic vil aldri nå nivået som Carew har vist. Eg meinar også det er kunnskapslaust å sei at han ikkje hadde vore ein toppspelar utan fysikken sin. Då hadde vel ikkje Samba vore god heller då? Eller Walcott? Eller Drogba? For ikkje å snakke om Husekleppen, kva hadde han vore utan fart? Og når det gjeld Carews mentale tilstand, så er han kapteinsemne både på Norge og Aston Villa. Det seier vel sitt.
Til kyllingnissen: Gi oss ein Dunn-type, som også gjerne kan operere på kantane. Vi ville då frigjort Emerton til høgrebacken neste sesong, eventuelt indreløpar, og tatt av litt av presset på Dunn. Salgado er herleg, men mannen er jo hundre år snart. Eg har trua på at meir kreative fibrar framover ville fått ut det beste av Kalinic. Eg skulle også gjerne sett ein komplett defensiv midtbanespelar på Rovers, ein som kan dirigere det offensive spelet og samtidig være dugandes bakover. Kan synast som Gamst har denne rolla i dagens lag, noko eg meinar ikkje er heilt optimalt.
Robinson
Emerton/Salgado- Samba - Nelsen/Jones – Olsson/Givet
Ny mann/Emerton – Dunn – Ny mann/Jones – Gamst – Diouf/Hoilett
Kalinic/Roberts/Benjani/Ny mann
Du må være innlogget for å svare