Opprettet 10/28/2010 11:20:22 PM
Sist oppdatert 10/28/2010 11:20:22 PM
Er i grunn delevis einige i begge innlegga til magic seven her.
Vil absolutt ikkje bli noke kjøpelag slik shitty er og chelski var, då tek eg heller til takke med 7-14 kvar sesong.
Håpar sjølvsagt på pengar til forsterkningar, men ser helst vi kjøper britisk (så langt det let seg gjere) og ungt. Og at vi satsar stort på å få fram spelera i frå eiga junior avdeling.
Håpar dei nye eigerane som kjem inn vil satse langsiktig og tolmodig og fram for alt behalde styret med John Williams i spissen. Kva Big Sam angår så synest eg det snart er på tide med ei utskifting i den stolen. (kan om ønskeleg utdjupe, men trur dei fleste skjønar kvifor)
Har enda ikkje teke stilling til kor eg ser på dei evt nye kylling eigerane, men blir dei valgt stolar eg fullt ut på JW & co. Men eg ser helst at ei freding av Ewood Park navnet blir kontraktsfesta.
Om vi får 10-15 mill å handle for per sesong så er det fult mulig å kjempe i toppen om ei 4-5 år og det ser ikkje eg så svart på..så lenge det blir ei gradevis oppgradering av spelarstallen. Eg er gira på eit Rovers i europa om nokre sesongar.
Vi kan berre krysse fingrane for at vi får behalde sjela i klubben, berre med litt meir pengar å forsterke med. Vi er heldige som har fått Nelsen, Samba, Nzonzi med fler for ein slikk og ingenting :D
Arte et Labore <3
Du må være innlogget for å svare