Sv:
Opprettet 9/11/2011 8:46:39 PM
Sist oppdatert 9/11/2011 8:46:39 PM
Huff og huff... Vi hadde ein grei fyrste omgang, men med total krasj i andre blir det her berre skammelig. At vi klarer ett poeng er bra, men likevel veldig urovekkande mtp prestasjonen. Når det er sagt, spelte Robinson, Dann og Givet til tider veldig bra bak der. Dessverre er det rett og slett utruleg at Salgado spelar. Eg forstår at vi manglar alternativ, men eg vil nær sei at alt er betre enn han. Han er på etterskot stort sett i kvar duell, og i dag var det vel to moglege (eg vil sei relativt klare) straffespark han heldigvis unngår å bli dømt på. Det andre, som er veldig skremmande, er at vi tydlegvis ikkje er godt nok trente for å halde ein kamp? Vi fell jo fullstendig gjennom frå 60. min og utover. Det lovar ikkje godt, og eg gruar meg alt til kampane mot City og United. Om vi presterar slik som i dag og dei held nivået sitt i det siste, tapar vi med 10 mål.
At Kean presterar å uttale seg så ekstremt positivt etter kampen er for meg uforståelig. Om vi fortset å benekte at noko er fundamentalt gale, kjem vi til å fortsetje på den mørke stien vi er i ferd med å gå oss fast på. Nei, eg har vore skeptisk lenge, og no må snart noko skje...
Eg er enig i at vi har eit "lag" med ein del spanande typar, men når balansen i laget er så dårlig som no, og når vi ikkje held ein drøy time ein gong, blir det her skummelt mtp på fortsetjinga. Eg skulle verkeleg ynskja at Kean var mannen som skulle føre oss til nye høgder, men eg trur definitivt ikkje han er det. Gje han ei trenarrolle i laget og få inn Hughes. Kean er sikkert ein god trenar, men ingen god manager.
Positivt er det at vi faktisk får ett poeng på det som er ein fantastisk scoring. No kryssar eg berre fingrane for at Junior og Samba er på beina snarast! Utan dei....
Du må være innlogget for å svare