Opprettet 4/9/2011 9:27:23 PM
Sist oppdatert 4/9/2011 9:27:23 PM
No er det litt vanskeleg å vite kva Kean gjer og ikkje gjer, kva han kan skuldast for og, og kva han ikkje kan skuldast for. Dei fleste er i stand til å plukke ut 11 mann og sende dei ut på bana - og skal ein dømme etter kor mange poeng Kean har henta som manager for Rovers er det ikkje i tvil om at han har gjort det dårleg, om enn ikkje veldig dårleg.
Kampen i dag var, vel, ja, skuffande! Etter to kampar der det i det minste vart kjempa hardt - og ein også kan trekke det så langt som å seie at Kean trefte med taktikken (mot Arseanl, dog ein taktikk som gjekk etter 1 poeng og fekk det, alt snakk om attraktiv fotball lagt vekk) - var det i dag både eitt og to steg tilbake.
Kvifor? Kanskje først og fremst fordi første omgang er elendig. Ein kan skulde på både ditt og datt, men eg meiner vi er heldige som ikkje ligg under med 0-2. Målet til Birmingham ser ut som det er offside, men Jerome held på ballen akkurat så lenge at pasningen vert lagt i ei bein linje inn -> ergo ingen pasning framover -> ingen offside. Eit tvilstilfelle, men eg er faktisk for å late det angripande lag få fordelen. Så legg Seb Larsson (skulle me ikkje hente han?) eit fantastisk frispark, som den nøytrale tilskodar som jaktar på attraktive og underhaldande opplevingar skulle ønske gjekk inn.
At dommaren så vel å late spelet halde på i merkeleg mange minutt (sjølv med skaden til Samba med i rekneskapet) og bursdagsbarnet Johnson kjem inn att og forstyrrar sine forsvarskameratar i så stor grad at Hoilett luktar lunta og scorar, er å ha marginane på vår side.
Andre omgang er spelemessig greitt i periodar, men me slit med å komme til målsjansar. Hoilett var frisk, og la eit veldig godt innlegg på pannebrasken til ein særs skuffande Santa, som berre må innsjå at ein FÅR ingen mål i denne ligaen, ein må GJERE dei.
Du må være innlogget for å svare