Opprettet 2/5/2011 5:54:00 PM
Sist oppdatert 2/5/2011 5:55:34 PM
Me bomma ivertfall
ikkje på inngongen til kampen i dag.
Første 20 var ei fryd for auget.
Roberts hadde
ei god involvering i dag. Ellers var han møkk. Få han vekk. Bedre å hente inn spelarar ifrå damelaget til Blackburn, enn å bruka han.
Bana gjorde det vanskeleg for oss i dag, ingen tvil om det - men som sagt, været og bana er lik for begge lag.
Hoilett er ikkje skapt for slike baneforhald, ei heller Olsson.
Svakt av Samba på 3-1, ditto svakt av Robbo. Juniorfeil.
Salgado syng på siste verset - har gode og viktige involveringar i ny og ne, men ute på backen blir han rundtspelt av raske vingar gong på gong.
Det fungerar ikkje med Olsson på backen om vi ikkje har nokon som konsekvent kan fylle tomrommet han etterlet seg - gamst gjer ein dårleg jobb der.
Benjani har spelt ein ´god´ kamp for oss, mot Liverpool..
Mame er om mogleg ein enda dårlegar avsluttar enn Roberts, viser det igjen idag når han kjem inn.
Var ikkje vidare imponert over Dunn når han kom inn i dag heller, mykje rot og feilpassningar. God straffe, men det var bort i mot det.
Vart vanskeleg for oss då Samba og Robbo samarbeida om å knøde det til på 3-1, kampen vart tapt der.
Baneforhalda og veiret gjer sitt for at det endar som det gjer, ikkje mykje ein kan gjere med det. -
kanskje hadde sam allardyce fotball vore bedre
i dag - men eg tvilar.
Ikkje så mykje å seie på laguttaket idag, gitt at Kalinic er skada eller sjuk, kunne kanskje starta med Mame i stadanfor Roberts og Dunn i stadanfor Emerton, men trur ikkje det hadde gjort så mykje til eller frå.
Skulle gjerne sett N´Zonzi frå start - kanskje i stadanfor J. Jones, som har vist dalande form sidan debuten. Ikkje dårleg idag, men kanskje heller litt farleg - for seg sjølv, laget og motstandaren.
Vi har ikkje noko bedre lag i dag, enn når me tapte 7-1 mot scum under ledelse av Sam Allardyce. 4-3 mot Wigan er på alle måtar eit bedre resultat enn det.
Ein kan ikkje skulde på Venkys, Steve Kean, at JW har slutta eller nokon andre fordi laget ikkje presterar godt nok til å minst sikre eit poeng i dag.
Ein kan heller ikkje forvente undre av Formica og Rochina når dei blir klare for kamp. Vi treng forsatt forsterkningar, først og fremst i dei bakre rekker.
Innsatsviljen i dagens kamp er det ingenting å seie på - og laget gjer ein god jobb utpå der. Småfeil og slurv taper denne kampen for oss. (og dei alvorleg dårlige baneforhalda..)
Som eg har sagt tidligare,
ting tar tid - ein kan ikkje forvente seg gull og grøne skogar over natta.
Bedringa er undervegs - men vi treng denne sesongen på å finstille det. Kanskje nokon hadde foretrekka kynisk sam alladyce fotball resten av livet, ikkje veit eg..
Vi ser alt prov på ein ny vår for blackburn rovers, men som sagt - det tek tid.
Laget treng forsatt forsterkingar - det kjem forhåpentligvis i sommar.
Stallfyll og dødlast må bort - det skjer forhåpentligvis til sommaren.
Vi har ein heil hær med unge lovande spelarar på veg opp, i spissen for dei har vi P. Jones, Olsson og Hoilett.
Andrews, Grella, Roberts, Mame ++ er spelarar vi ikkje kan ha i stallen om vi skal kjempe om Europa plass.
Når overtakelsen, Managerbytte + + skjer midt i ein sesong så får det konsekvensar. . . men heller no, enn i starten på neste sesong.
Eg ser lyst på neste sesong og framtida.
Forferdeleg surt med tapet i dag,
men på laurdag..
på min 26års dag..
SKAL Newcastle blø!
God Helg!
Du må være innlogget for å svare