Opprettet 10/19/2010 5:30:30 PM
Sist oppdatert 10/19/2010 5:30:30 PM
Når vi først er inne på Blackpool så må eg seie eg er meget imponert over spelet og innsatsen deira i mot Man City. i ein 4-3-3 formasjon med offansive backar og 3 spissar som vandrar inn og ut av sine posisjonar heile kampane er dei vanskelege å få stoppa når dei er på offansiven. Dei 3 på midten gjer også ein stor jobb. Dei har ein mentalitet som skrik angrep, angrep og utfører dette godt. det som i hovudsak øydela for dei mot Shitty var den 1-0 skåringa som aldri burde vore godkjent og at dei i eit par angrep før fekk ei feilaktig anulering.. men dei kom alikavel tilbake 2 gongar og eit poeng var innanfor rekkevidde, heilt til David Silva dukka opp med ei utrulig skåring.
Og får å føre dette innlegget inn på Blackburn Rovers..
*Er blackpool eit så mykje bedre lag enn oss?
*har dei så utrulig mykje bedre spelera enn oss?
*er lag moralen fleire hakk høgare enn hos Blackburn Rovers?
*Dei har i vertfall ein gjennomført spelestil
*Uansett kven dei møter så har dei trua på at dei kan spele dei ut og ta poeng.
*Dei gir seg aldri og ser seg aldri tilbake
*Dei spelar god offansiv fotball og har fokus på å få ballen fortast mulig fram til spissane (ja spissar i fleirtal, faktisk 3 stk)
Dei har teke nivåt fort og eg trur faktisk dei kjem til å klare seg om dei kan opprettholde det spelet dei har vist så langt.
Vi har på den andre sida vore på dette nivået i mange år, men slit ofte med å takle nivået og verkar ofte nesten litt redde for å halde i lærkula. Vi har heller ikkje nokon gjennomført spelestil og slit når det kjem til å halde ballen på bakken når vi skal angripe.
Spørsmålet blir vel som følger; treng vi eit manager bytte for å kunne kjempe blandt topp 10, kunne forvente at vi spelar fotball, ikkje slår langt heile tida??
Vi har eit godt innarbeida forsvar og ein av dei beste keeperane i PL, er det ikkje på tide å prioritere den offansive biten litt??
Eg vikar ikkje i frå det eg har sagt før; vi er rett og slett ikkje gode nok og vi manglar eit hav av spelar typar og kvalitet i midtbanen leddet.. Men når Blackpool kan spele god angrepsfotball..kvifor kan ikkje vi??
Du må være innlogget for å svare