Opprettet 4/23/2008 12:48:59 PM
Sist oppdatert 4/23/2008 12:48:59 PM
Etter å ha vore inne å lest litt på dei ulike nettavisene sine diskusjonar om kampen mellom Pool og Chelsea i går (og sett dei seinaste kampane deiras), så kjenne eg at Liverpool er i ferd med å gå forbi United (eller iallefall bli likestilt) på lista med usmakelege lag! Eg fatte ikkje at det skal gå an å syta og klaga så sinnsjukt mykje, og at det i det heile ikkje er mogleg å sjå litt objektivt på situasjonar... At det går an å klaga over at dommaren dømme i mot dei etter dei siste kampane, ja, det vitnar om reinspikka blindhet! Kanskje dommaren dømte litt til fordel for Chelsea, men eg må ærleg sei at eg syntest ikkje det var så markert! Blei ikkje frisparket som sette i gang angrepet som pool scora på, som førovrig kanskje ikkje skulle vore frisparket, teke på litt feil plass og? Og at Terry skulle hatt rødt kort? Greit at han går inn litt på kanten av og til, men så er det jaggu andre på banen som gjer det og. På slutten så får vel pool frispark ved at Reina springe ned Terry på ein corner, ballen ligge open rett foran mål (veit ikkje om det hadde blitt mål, då det stod to pool spelarar på streken) og kan berre puttast.
Det eg vil fram til er at eg er så vanvittig lei av at "alle" pool og united supportera skal syta seg ihjel når det går dei litt imot. Dei følger kanskje berre managerane sine? Då kan jo Wenger nevnast med stor skrift og forøvrig. Grant og Chelsea har jo blitt ein del rolegare på den fronten i forhold til Mourinho og Chelsea i fjor. Følte berre at eg måtte få det ut..
Du må være innlogget for å svare