Opprettet 1/5/2011 7:15:21 PM
Sist oppdatert 1/5/2011 7:15:21 PM
Mykje av sirkuset er Venkys sjølv skuld i, men det meste er nok media som fyrer opp under med litervis av tennveske. Har media sjansen til å latterliggjere ein klubb, og då spesielt Blackburn, so kan grip dei den muligheita med alle fingrane og stor fantasi.
Ronaldinho, PR-Stunt..eine og aleine eit PR-Stunt, men det er ikkje heilt urealistisk at han kan ende opp i Rovers. Som einaste europeiske klubb ute etter hans signatur og PL-spel, samt ei sinnsjuk lønn som lokke middel er det opp til han om han vil velge pengar og utfordinga i england, eller om han vil ha det enkle liv på stranda i brasil og gå i gløymeboka.
David Beckham er også eit PR-Stunt, sjølv for Spurs er ikkje han so mykje meir enn eit PR-stunt. Men han kan bidra. Det einaste som talar i fordel Blackburn der er at han meir eller mindre kan bli garantert å få spele fast, samt at Salgado kanskje kan trekke i nokre trådar. (og han kan bu i Manchester) Alle dei andre klubbane som er ute etter han er dog beire klubbar enn oss, klubbar der han kanskje ikkje får spele so mykje.
Damien Duff? Vel, han er Blackburn gutt go har vel forsatt litt fotball i beina, ingen tvil om at han ville kunne tilføre laget noko ekstra. Men blir ikkje skuffa om vi ikkje skulle få igjennom ein avtale der. Sparky vil vel heller ikkje selge.
Bentley, Ja takk! men går nok til ein større klubb.
Santa Cruz.. Sats heller på Kalinic i tospann med ein ny.
Warnock har hatt ei dalande formkurve i villa, men det er nok mykje pga ny manager som ikkje satsar på han. Kunne absolutt tilført Blackburn sårt nødvendige kvalitetar på venstrebacken. Håpar verkeleg vi får tak i han.
Charlie Adam blir nok ikkje noken billig mann for oss. Han vil bort, men Blackpool er nok mest interesserte i å behalde han. Vil koste, men er verdt det. Løp og kjøp!
Om Samba verkeleg ønskjer seg bort, vil han nok spele uten kapteinsbindet i dag. Spele kjem han uansett til å gjere, pga mangelen på alternativ. Er dette tilfelle, så er det berre å selge. Då treng vi også ein ny midtstoppar, noko eg håpar at eit offansivt tenkjande Venkys og Steve Kean klarer å få inn i nøtta. Her kunne eg tenkt meg Brede Hangeland, men det blir nok ikkje aktuelt.
Du må være innlogget for å svare