Opprettet 12/27/2010 1:56:14 PM
Sist oppdatert 12/27/2010 1:56:14 PM
I vanskelige tider treng ein stødige karar som står fram og ser løysingar i staden for problem.
Vår "klubbkaptein" Nelsen gikk ut i media og etterlyser betre kommunikasjon frå India. Dette er noko som er heilt ok og konstruktivt, i og med at det var/er skrikandes behov for forbetring på dette området.
Gamst skreiv i sin blogg at "Vårt mål for denne sesongen er en topp ti plassering, og nå skal vi gjøre alt vi kan for at det skal skje. Og derfor er det viktig at hele klubben drar i samme retning, så la oss alle med hjertet i Blackburn jobbe sammen. Det gjelder alle fra banemannskapet, stab, spillere, vaskelaget til supporterene. Blackburn Rovers er den varme familieklubben i Premier League der kjerneverdiene teller, og det skal den forbli i fremtiden også." Dette talar vel for seg. Flott av Gamsten.
Kean tok ei jorda rundt-reise for å få nokre ord med hønemor i India. Dette blei mellom anna gjort for at han kunne stå foran spelargruppa og fortelje om kva som skjer i klubben. Eg ser på dette som handlekraftig og positivt av Kean. Synd Samba allereie hadde "klikka" i media.
For lagkaptein Samba gjorde vondt verre med å rase i media og lansere seg sjølv om salsobjekt. Eg syns dette er lite imponerande. Samba har vore ein bauta på bana, men viser her klare manglar utanfor. Det var ikkje fyrst og fremst Big-Sam han var kaptein for, det var Blackburn Rovers og gutta i garderoba.
At Samba ikkje lenger er kaptein er heilt naturlig. Han utnyttar nærast situasjonen til å forlate klubben, no når vi treng han som mest. Eg er ikkje gira på at Blackburn skal ha ein slik kaptein. Selg han for 15 mill pund, kjøp David Weather. Kanskje han har lyst å spele for Blackburn i det minste.
Du må være innlogget for å svare