Opprettet 12/13/2010 7:36:26 PM
Sist oppdatert 12/13/2010 7:36:26 PM
Litt av ei bombe det her.
Det eg reagerer mest på er tidspunktet. Kvifor sparke han no, rett før ei sinnsjukt viktig periode? Hadde vi fortsatt den gode trenden ville vi sikkert gått inn i det nye året blant topp-sju, minst. Då hadde Big-Sam isåfall blitt hylla både her og der. No er det derimot meir usikkert kva som skjer, og fører dette til at vi går på smell etter smell kring jul og nyttår blir det i beste fall uro både innad i klubben og blant oss fans.
Når det gjeld Big-Sam har eg lenge vore todelt i mitt syn. På den eine side er han ein mester med små budsjett, dyktig til å spele på "det ein har" i stallen og ein garantist for Premier League-status. På den andre side så har eg sett meg litt lei av fotballen som laget har vist i hans levetid i klubben. Eg har trua på at laget faktisk kan spele ball, og at vi no forhåpentligvis kan vise fram litt angrepsfotball. Får vi inn eit spanande manager-navn med tiltrekkingskraft, og eit par forsterkningar, er det ikkje sikkert vi treng all denne polinga av ballar framover. Kanskje Big-Sam med pengar mellom hendene hadde gått vekk i frå dette uansett, men det får vi altså ikkje vite.
Til slutt kan en vel også forstå at kyllingmenna er skeptisk til å gi sine hardt oppklekka indiske rupi til ultrakyniske Allardyce, særleg om ein ser på kva han brukte pengane på i Newcastle. (Sjølvom Barton, Nolan og Enrique har vist seg gode etter ein sesong i wankership)
Lenge sidan Sam tok over etter Ince no, og det var som å hoppe etter Eddie the Eagle. Kanskje vi treng frisk blod som står i stil med frisk kyllingkapital, og at vi faktisk kjem styrka ut av dette her.
Eg er likevel skeptisk til heile opplegget, og rett og slett nervøs for framtida!
Kva med Robbie Savage som ny manager? Han er sikkert ein god motivator i det minste
klikk her
Du må være innlogget for å svare