Opprettet 2/4/2011 4:51:45 PM
Sist oppdatert 2/4/2011 4:51:45 PM
JW har gjort ein fantastisk jobb for Rovers i meir enn 10 år - ei vassekte Rovers
legende. Det at han gjekk av, og ikkje fekk sparken gjer det litt lettare å svelge det faktum at vi no må klare oss uten han no.
Ein unik mann som skal ha mykje av æra for at det har gått sopass bra med Rovers etter Jack Walkers bortgang.
Desverre har hans posisjon i klubben vorte mindre betydeleg etter at Venkys tok over og det kan nesten (\"her ifrå\") sjå ut som han ikkje har vore involvert i noko som helst sidan dei kom inn.
Er overbevist om at JW og Venkys kunna jobba side ved side, og meinar JW burde fått forsette som han altid har gjort også då Venkys tok over. Men no har altså mr. Blackburn valgt å forlate klubben - muligens noko motvillig, men er ikkje utenkeleg at han også har andre prioriteringar for framtida. Så at dette var ei gjensidig avgjersle har eg eigentleg ikkje noko problem med å tru på.
Blir meget spennande å sjå kven som blir han erstattar på Ewood Park - så lenge det ikkje blir Maradona eller ein indianar utan peiling på fotball - så trur eg det skal gå bra. Venkys er forretningsfolk, dei har bygga opp ei stor verksemd i India som går forrykandes bra. Det er i deira beste interesse at det går bra med Blackburn Rovers, uansett kva det gjeld.
Mange er skeptisk til Venkys - eg luktar fordommar lang veg. Fordi dei er ifrå India og ser mest ut som pr-kåte idiotar fulle i bling bling og ikkje har dreve ein fotball-klubb før - nye eigarar betyr endringar. Dei vil sjølvsagt ha inn sine folk, rådføre seg med sine folk - bytte manager er ikkje uvenleg ved ein overtakelse og at JW trekk seg er ikkje
berre venkys feil. (sjølv om dei sikkjert nok har gjort sitt til at han har følt seg overflødig)
Greit nok, dei lova BFS å få sitte ut sesongen - det burde dei heldt. På den andre sida forstår eg at dei ikkje ville la ein manager dei ikkje var tenkte til å satse på sitte ut sesongen. Eg er meir eller mindre fornøgd med ansettelsen av Steve Kean - og eg synest ting ser mykje bedre ut no, enn under Sam Allardyce. Ein må også hugse på at ei så stor forandring i spelestil ikkje skjer over natta -
Ting tar tid. (TTT). Då er det bedre å starte med dette denne sesongen i stadanfor i starten på neste.
Olsson og Hoilett har blomstra under Kean - berre det er (nesten) god nok grunn til å vere nøgde med utskiftninga på manager sida.
Venkys har framleis mykje å lære, dei kan ikkje gå fram på same måte i England som i India, gir dei eit løfte om noko så bør dei halde det. Dei bør peike ut ein talsmann for Venkys, så høna og brørne ikkje snakkar i munnen på kvarandre og i forskjellige rettningar. Å mest av alt ønskjer eg at dei skal slutte å snakke om store stjerner som mest har gått ut på dato.
Men Venkys viste oss no i Januar at dei er villige til å støtte oss på overgongsfronten. Dei kunne kanskje trøkka litt hardare til, men vi hadde aldri fått inn Jones og Santa Cruz på lån - samt signert Formica og Rochinam utan dei.
Reknar med at ei større utskiftning er planlagd til sommaren og at Kean då får ein litt større pose med pengar. Januar er ikkje den lettaste månaden å handle spelarar.
Ting Tar Tid...og ikkje alle taklar store forandringar like godt som andre.
Å få inn indiske eigarar er ei stor forandring for dei fleste - meg inkludert. Men indarar er eit av dei mest økonomisk-fornuftige folkeslaga i verda.
Sparkinga av Sam Allardyce kom som eit stort sjokk - nokon forguda mannen, andre var meir skeptiske på om han var rette mann for framtida og vidare utvikling for Rovers (eg var i kategori nummer 2)
Ansettelsen av ein uerfaren skotte ved namn Steve Kean kom som eit sjokk for alle trur eg. Men eg vart raskt imponert over Kean, og har trua på at han kan bli ein dyktig manager for oss - han har lang erfaring i fotballfaget, men er ny i managerfaget, så han treng litt tid til å omstille seg. Eg har trua på den skalla mannen!
At JW i går trakk seg er også ei meget stor forandring, som er litt hard å svelge. Så vidt eg har forstått så er kona til JW meget sjuk og derfor har han ikkje vore så veldig involvert i det siste - dette kan også vere ein av grunane til at han gjekk av - nye prioriteringar ifrå hans side, samtidig som han kanskje ikkje føler seg nødvendig på Ewood lenger. Han har gjort ein heilt fantastisk jobb for Rovers i mange, mange år - med små ressursar. Det har heilt sikkert teke på. Han fekk ivertfall ikkje sparken..
Blackburn hadde mest sannsynleg ikkje overlevd i så veldig mange år utan nye eigarar..
Du må være innlogget for å svare