Opprettet 11/3/2010 11:41:23 PM
Sist oppdatert 11/3/2010 11:41:23 PM
Eg føler nesten behov for å bryte inn som den "ansvarsfulle vaksne" her. Det er slike diskusjonar som akkurat denne som gjer, spesielt overgangstrådane, uoversiktelege. Burde eigentleg ikkje vere nødvendig å la det skli så langt ut som dette, då kan det heller takast på privaten..sjølv om det kanskje er meir tungvindt, ja eg forstår det.
For min del er mykje av grunnen til at eg kikar innom forumet, opp til fleire gongar dageleg, å raskt kunne oppdatere meg på kva som skjer på bl.a overgangsfronten. Eg er ikkje i mot sakelege diskusjonar, men ser helst at ein overgangstråd er så oversikteleg som mulig. Dette er MI meining, eine og aleine :p
Dette er også mykje av grunnen til at eg såg mitt syn til å starte ein ny overgangstråd, andre grunnar var at den primært omhandla rykter for sommaren og var i ferd med å fylle seg bra opp.
Håpar den nye tråden vil bli nytta til overgangsrykter fram mot januar, på ein sakeleg og oversikteleg måte. Så kan dykk forsette denne litt på grensa til usakelege diskusjonen i denne :D
Håper eg ikkje pirka for mykje eller fornerma noken, det var absolutt ikkje mi hensikt.
Du må være innlogget for å svare