Opprettet 4/15/2010 11:10:40 AM
Sist oppdatert 4/15/2010 11:10:40 AM
Kanskje vi får sjå Basturk til helga(jmf. link under).
Veldig tidleg å seie noko om kva han kan tilføre, men meiner eg las ein plass at han har imponert på treningane og han har jo prestert bra for reservelaget.
Eg har inntrykk av at han er ein spelar med kvalitetar som kan tilføre laget mykje. Erfaringa han har er vertfall uvurderleg. Både CL-finale og bronsefinale i VM har han på repertoaret. At han ein gong var god, levnar eg liten tvil om.
Når det kjem til alderen, så ser eg ikkje på det som noko problem. Spelarar held ofte til dei er godt over 30 no om dagen, så eit par-tre sesongar på Ewood er ikkje utenkeleg.
Eg er vertfall spent på å sjå kva han kan tilføre laget.
Du må være innlogget for å svare