Opprettet 1/12/2010 7:26:27 AM
Sist oppdatert 1/12/2010 7:26:27 AM
Latterlig dårlig.
Såg berre 1.omgang i dag pga ein kombinasjon av at laget ikkje spelar fotball lenger og at eg "viktigare" ting på timeplanen.. Går i vertfall ut i fra at Rovers spelte minst like dårlig i 2.omgang som dei første 45.
10 Stoke 20 6 6 8 18-25 24
11 Sunderland 20 6 5 9 28-31 23
12 Everton 20 5 8 7 28-34 23
13 Blackburn 21 5 6 10 21-39 21
14 Burnley 20 5 5 10 22-40 20
15 Wolverhampton 20 5 4 11 17-36 19
16 Wigan 19 5 4 10 21-44 19
17 West Ham 20 4 6 10 28-37 18
18 Bolton 18 4 6 8 26-36 18
19 Hull City 20 4 6 10 20-42 18
20 Portsmouth 20 4 2 14 18-32 14
Dette er slik tabellen ser ut i skrivandes stund og det ser langt i fra bra ut..dei 3 laga forran oss her har ein kamp til gode på oss og det kan i verste tilfelle bety at dei får ei luke på 5 poeng ned til oss.
Av laga under oss kan vi i verste tilfelle bli passert av heile 6 lag om alle får full pott. i tillegg har Wigan 2 kampar til gode og kan komme opp i 25 poeng, som er 4 meir enn oss. Og Bolton har 3 kampar mindre spelt og kan komme opp i 27 poeng, som er 6 poeng meir enn oss.
Greit nok, dette er verste senario, men det vil i tilfelle plassere oss på 19plass!!!
13 plassen ser langt i fra så trygg ut som den kansje burde vere. Om ikkje noke snart skjer så trur eg at i vertfall lag som Wigan, West Ham og Bolton kan komme til å passere oss og vips så ligg vi på 16 plass og kjempar for alvor om å berge plassen. Og for å banne litt i kirka her, så viser faktisk både wolvs og burnley prov på at dei kan og vil meir enn oss i enkelte kampar og evnar meir enn vårt kjære Rovers.
Slik Rovers har framstått i år, så ser eg desverre ikkje vekk i frå at det kan bli ein tøff kamp i bunnen av PL i år og at vi i verste tilfelle ikkje veit vår skjebne før i aller siste kamp..
Portsmouth har vore totalt krise i heile år, men dei har faktisk meir kvalitet i laget enn kva vi kan vise til. Og på tross av alt rotet i den klubben så kan det snu for dei. Får dei behalde alle sine beste i Januar og kansje får litt kontroll i klubben, så ser eg ikkje vekk i frå at dei også kan bli å regne med igjen i PL. Dei er også "berre" 7 poeng bak oss, med 1 kamp mindre spelt.
Eg er stolt av å vere Blackburn supporter, men for tida er det meget tungt å sjå på korleis vi framstår som lag. Vi har spissar som ikkje skårer mål, samtidig er både bennimac og roberts på vei ut dørene (to spelera eg trur hadde fungert godt i lag på topp for rovers, ha dei fått sjansen noken kampa på rad i lag). Eg vil også gå så langt i å påstå vi har PLs dårligaste midtbane, mykje grunna skader på dei mest sentrale i hytt og gever. At ein spelar som Keith Andrews har fått spele så mykje som han har gjort sei i grunn alt. Vår beste,(når skadefri) David Dunn ryktast også å ha takka nei til ny kontrakt og kan gå gratis i Januar. Og får å vere ærleg, så forstår eg Dunn godt. Eg likar meget godt at Sam Allardyce satsar ungt og hentar inn mange unge spennande spelera..Men sjølv om N´Zonzi stortsett har spelt godt til no i år, så er han ikkje god nok for PL. Hadde eigentleg sett at vi hadde henta inn litt spelera med meir erfaring, sjølv om eg er 100% for å satse ungt. At han samtidig er så forbanna blind på Diouf er katastrofalt. Syns også Big Sam roterar alt for mykje på laget frå kamp til kamp, sjølvsagt mykje pga skader..men langt i frå eine og aleine.
Eg begynder faktisk å frykte for vår framtid i PL.
Det var ein gong....ja, det var faktisk ein gong Blackburn spelte fotball..Det har vi ikkje gjort under Big Sam..
Mykje er no avhengi av korleis vi gjer det på overgangsmarkede i Januar, men eg er pessimistisk.
Vi treng nytt blod på side linja, men har mest sannsynelig ikkje råd.
Mange er heilt sikkert ueinige med meg, men eg seier det fordiom...GI BIG SAM SPARKEN! vi treng ein ny giv over Ewood Park. Bakdelen med dette er evt at alternativa for ny manager er svært få og på langt nær attraktive. Så desverre sitt vi sikkert med det beste vi kan få, slik det ligg ann for tida.
Eg har sagt det før, men det er selvfølgelig berre ønsketenking og absolutt alt for tidlig..Eg kunne tenkt meg Tugay som manager i Blackburn Rovers. Ja, eg veit at det ikkje kjem til å skje, eg veit at prosjekt Paul Ince gjekk til helvete..men eg spør, kan det bli verre?
Sjølv om det gjekk gale sist vi prøvde betyr ikkje det at det vil gå gale kvar gong vi prøver på uerfarne managera.
Henning Berg, Alan Shearer, Garry Flitcroft, King Kenny, etc..gamle heltar..Kunne skapt ein ny giv over Ewood Park..
Men ja, vi sitt nok med det beste vi kan få..desverre er det absolutt ikkje mykje å skryte av.
Snur det ikkje snart, er eg redd vi spelar i Wankership neste år..
Du må være innlogget for å svare