Opprettet 12/6/2009 4:14:53 PM
Sist oppdatert 12/6/2009 4:14:53 PM
Det vil overraske meg om Gamst blir solgt i januar. Eg trur nok Blackburn verdsetter han meir enn nokon klubb er villeg til å betale for han i dag(noko eg meinar supporterane i norge også burde gjere). Han har ikkje vore noko særleg god dei siste sesongane, og det blir nok eit steg ned om han skal forbli i ein Engelsk klubb. Han har vist at han kan være veldig god på sitt beste, og om Blackburn får han opp på eit jevnt godt nivå igjen ser eg gjerne at han blir. Utan at eg har heilt oversikta, så er det vel nesten berre Emerton som har vore lenger i klubben enn Morten i dag?
Som supporterklubb skal ein følge med klubben sin i motgang og i medgang, og på samme måte bør en stille seg bak ein spelar som har gitt såpass mykje til klubben og supportarane. Eg hugsar iallefall godt dei 2 måla mot united på Old Trafford. Eller sesongane under Hughes der han var ein av dei beste venstrevingane i Premier League. Alle her på forumet veit jævlig godt at han kan levere. Om han finn tilbake til forma han var i, har vi ein venstreving som mange vil misunne oss.
At DB og VG skriv "Gamstens Blackburn" er vel revnande likgyldig for vår del!? At dette er eit problem, ser eg rett og slett ikkje samanhengen i. Det er ikkje så mange Blackburnsupportarar i Norge, og eg er rimeleg sikker på at nordmenn flest forbinder Blackburn med nettopp Morten Gamst Pedersen. Og at vi i tillegg får mediedekning er heilt topp. I ei tid der tiåringar utelukkande velg Liverpool, Chelsea og United som favorittlag er det ingenting som er bedre enn at folk kan relatere seg til klubben gjennom at det er eit kjent fjes i klubben. Kanskje kan dette bidra til at ein 10 år gammal gut eller jente faktisk velg blått og kvitt når den første fotballdrakta skal kjøpast? Det er jo openbart den finaste drakta, og at dei då veit at dei kan trykke "pedersen" bakpå så er det ikkje eit vanskeleg valg.
Eg er sikker på at ein spelar har lettare for å prestere når han har supporterane i ryggen. Eg har følgt Blackburn sidan 1992, og har sett dei vinne Premier League og Ligacupen. Eg har sett stjerner som Damien Duff og Alan Shearer forsvinne. Eg har sett dei rykke ned, og opp igjen. Eg har sett dei bli overkjørt av Liverpool 4-0 saman med ein haug liverpoolsupportere, og eg vore einsam Blackburnsupportar på ein pub saman med ein haug Unitedsupportere og sett Blackburn vinne på Old Trafford. Og i år har eg sett eit lag med ein av den beste heimestatestikkane i Premier League, David Dunn frå Lacashire som blir omtalt i landslagsdiskusjonar og eit lag som faktisk gode klubbar vegrar seg for å møte. Det er faktisk det det handlar om; å støtte klubben og spelarar når det går dårleg, såvel som i gode tider.
Som Blackburns norske supporterklubb bør vi stille oss 100% bak at Morten Gamst Pedersen skal bli i klubben. Først og fremst fordi vi ikkje er heilt historielause og veit han kan prestere, men også fordi det er fint å ha ein god norsk spelar i klubben.
Du må være innlogget for å svare