Opprettet 2/25/2009 1:05:44 AM
Sist oppdatert 2/25/2009 1:05:44 AM
Eg har no dvela nok ved dette tapet å ser framover igjen.
FA Cupen var ikkje prioritert av Big Sam, enkelt å grett fordi å overleve i PL er mykje viktigare. Hadde vi nådt ei eventuell finale og vunne, så hadde det vore gull verdt nesten uansett utfall i serien. (Men vi som Championship lag, hadde aldri klart å hevde oss i UEFA Cupen.) Men kven her inne trur verkeleg vi kunne hevda oss i dei neste rundene? Vi hadde gått på tryne mot Chelsea uansett kva lag vi stilte med. 99.9% sikkert.
At det var Coventry som i år igjen tok skalpen på oss i FA Cupen skal eg vere einige i at svei litt. Men vi fekk testa ut ein del reserve spillere og gitt dei nyttig kamptrening. Og ikkje minst fekk vi kvile viktige spillere før den viktige kampen mot Hull på søndag, der kun seier er godt nok.
Vi har eit tøft program forann oss og nedrykkspøkelse heng fremdeles over oss. Personeleg synest eg det er/var smart av Big Sam å ikkje prioritere Cupen i år, då det å overleve i PL er så uendeleg mykje viktigare. Uansett kva utfall vi hadde fått vidare i FA Cupen. Kven her inne hadde vore fornøgd med å nå ei finale, kansje til og med vinne den.. men på bekostning av det så hadde klubben rykka ned?
Selfølgelig kjedelig å tape kampar, uansett motstander og uansett turnering. At vi i dag også fekk føle at vore nest beste ikkje ein gong klare å slå eit Championship lag er også eit lite slag i trynet. Ein kan også stille spørsmål om våre beste er gode nok for PL. Per no er eg litt tvilande til akkurat dette, men eg håper i det lengste at plassen blir berga. Det er det viktigaste, det er det som må prioriterast. Så kven bryr seg om FA Cupen, når så mykje meir står på spill?
Du må være innlogget for å svare