Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: TV-kamp: Wolverhampton Wanderers v Blackburn Rovers
Opprettet 8/15/2026 9:35:14 AM
Sist oppdatert 8/15/2026 9:36:08 AM
Kark skrev:Tja. Atcheson gjer det heilt OK. Litt på etterskot på opningsmålet, men deler den med Alebiosu som er for brei. Han er ung. Han har fått mange moglegheiter sidan nyttår, og eg håpar han får mange fleire. Straffesituasjonen er jævla uflaks, og kanskje litt klønete. Men stakkaren hadde tydeleg vondtar på tampen der. Forsvinn Alebiosu blir det skralt på høgrebacken.
Utifrå førestnadane med spelarflukt dei siste par åra, dårleg økonomi og mykje negativitet rundt avgjersler og dystre framtidsutsikter tykkjer eg det er kult å vere top of the league fredag kveld 14. august! Denne gjengen her kjem til å levere mange underhaldande kampar. Ballen er rund og Mowbray er den venaste karen i bransjen. God helg, alle! Sola skine av Sirkel Sag er kveldens låtval.
Atcheson har potensiale, og må for all del få speletid, men eg tykkjer det trengs eit litt kvassare kaliber om ein skal ha håp om ein respektabel sluttplassering. Wharton er jo bra, men han er jo som å bruke dopapir i regn - det er ikkje spesielt langvarig. Han vert jo skada berre han ser grasmatta. Det gjeld jo også Carter. Men McLoughlin er knallbra.
Og skulle vi ikkje få inn nokon, så må vi i alle høve klare å behalde dei vi har. Litt skremande om Toth forsvinn, men den tid den sorg. Laget er totalt sett ikkje så gale, og om alle er skadefrie så er det i mine auger ganske bra. Er spesielt spent på å sjå om Baradji klarer å ta steget opp. Har ein våt og svært usannsynleg draum om at han er Mousa Dembele in the making :-)
Likar at Mowby er tilbake. Det er noko trygt over det heile.
Du må være innlogget for å svare