Deilig med ekte fotball igjen. McLoughlin har vore enorm. Forshaw med berre eitt einaste dårleg touch heile første halvleik. Elles beinhard både i taklingar og avleveringar. Alebiosu i lange klyv leikar med bergensaren.
Pickering lev farleg med det gule all tid Gomes, ein ekkel, hurtig og sutrete luring som fort kan ta oss på senga enno ein gang.
Morishita smiler og assisterer. Morsy inn i løpet av andre for å dele ut enno meir juling til eksotiske importar som lèt til å verte meir og meir frustrerte...? dei smiler ikkje, har høge skuldrer, dei har alt å tape. Kroppsspråk skal ein ikkje undervurdere. Frå det eg har sett, høyrt og lese gjennom sumaren har eg inntrykk av at troppen til Blackburn er ein god gjeng som vil kvarandre vel.
Likevel har involveringane til Trippier vore høgdepunkta for min del. Buing ved mottak og jubel ved feilpasningar og blokkeringar.
Dette kan gå begge vegar. Eg har trua!