Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Preview
Opprettet 2/18/2013 9:53:01 AM
Sist oppdatert 2/18/2013 9:53:01 AM
Ok.. Slapp av. Ingen grunn til å fyke i flint her..
Sasha_ har sjølvsagt eit godt poeng. Og sjølv om vi(endeleg) legg ned ein kjempeinnsats som blir belønna med siger, så kan vi ikkje stikke under ein stol at dette fort kunne gått ein heilt annan veg. Både Gervinho og Rosiscky(?) var nærare ei scoring enn nokon annan Blackburn-spelar. Når det er sagt, så fungerte sjølvsagt kampplanen godt, og vi vinner på ein kampplan som mest sannsynleg gikk ut på å sleppe inn minst mogleg mål, og kanskje håpe på ein retur-kamp på Ewood. Når vi då tek med oss full pott, så er sjølvsagt det stas.
Einig med Friedel at heile forsvarsrekka gjer ein kjempejobb. Og ikkje minst Jake Kean.Midtbana jobbar bra bakover. Men: spesielt Lowe synes eg har mange dårlege avleveringar. Skal vi spele så lavt, så må vi være presise i pasningsspelet i overgangsfasen. Eg er sikker på vi kunne skapt mykje meir med litt meir nøyaktig pasningsspel i midtbaneleddet.
Som mange påpeikar så møter vi eit av Englands beste lag, har litt flaks, og mirakulaust nok dreg vi dette i land. Vi er utan tvil eit championship-lag i medgong.
Alle ser sjølvsagt at over ti kampar med slik kamp-statestikk, så vinn Arsenal 9/10 gongar. Men gode lag har ofte den flaksen at dei tek den 10%.
Gleder meg til Milwall får juling i neste runde. :)
Du må være innlogget for å svare