Rovers - Cardiff. Fredag 7. des. Klokka 20.45
Opprettet 12/6/2012 11:25:29 PM
Sist oppdatert 12/6/2012 11:47:52 PM
Fløy en liten blåfugl, gjennom vindu’. Ein evergreen i norsk barnehagesamanheng. Sangen har ukjent forfattar, og godt er det. Blåfuglane har forlate Cardiff også. Dei kledelege blå draktene vart bytta ut med raude og jammen vart ikkje klubblogoen endra også. Ein heftig raud drage er kult for den som likar fantasy, og blåfuglen i botnen ser rimeleg malplassert ut. Kvifor alt dette? Nye eigarar, må vite. Til skilnad frå våre kyllingar har mr. Datuk Chan Tien Ghee gjort tiltak for at laget han kjøpte skal lukkast. Då hoppar ein gjerne bukk over klubblogoen, og fullfører svalestupet ‘gjennom vindu’.

Det starta liksom lovande med Berg. Han sa liksom dei rette tinga og allereie i dei første ordentlege kampane såg det ut som om vi var blitt eit lag igjen. Og så vart det verre. Særleg tap og elendig innsats mot Bolton og å bli delvis rundspelt av Burnley svir litt. Det er sjølvsagt slik at passe store mengder kvalitet har blitt shippa ut dei siste sesongane og det er urimeleg at Berg skulle fikse dette på null komma – sju kampar – niks. Men det har allereie byrja å gå litt på repeat for min del. Eller for å seie det med Berg: «ingen som helst tvil om det». Det er ein tøff liga, «and everything», minnar Gamst oss på. Mot Cardiff må vi faktisk snu den dårlege trenden, og det blir sabla tøft.
Cardiff er nemleg gode, veldig gode. Malky «Milkyway» Mackay har fått sving på sakene. Ti sigrar på rad på heimebane. Vårt håp er likevel at dei berre har plukka opp 11 poeng på bortebane. Ikkje at det er så ille, det er berre ikkje så veldig bra heller.

Sist (1-0 mot Sheff Wed) starta "dei" slik:
Marshall
Taylor Hudson Turner Connolly
Whittingham Conway Kim Mutch Bellamy
Helguson
For oss – Rovers – vart det berre nesten mot Burnley. Ikkje det at vi var det beste laget og slikt, men å sleppe inn mål på slutten er alltid bittert. Sjølv om det har blitt ei uvane. Mine råd er som regel dyre, men dei er per dags dato også få. Det er mange spelarar i stallen som ein ikkje vert klok på. Prøv til dømes å seie kven som har hatt ein god sesong så langt? Kor mange utanom Jordan Rhodes dukkar opp i dine tankar? Scott Dann? Og så? Og kor mange har vore elendige? Murphy har skuffa, ja vel, men resten har vel vore berre sånn middelmådige? Derfor ligg vi på 9.ande plass. For mange er det dermed på tide å «grab the shirt and say: this is mine!». Dunn er tilbake, Etuhu er tilbake. Best er framleis ute, det same gjeld Gomes.

Berg kunne prøve:
Robinson
Henley – Givet – Dann – Olsson
Vukcevic – Murphy – Etuhu – King
Dunn
Rhodes
Og kampen? Den GÅR PÅ TV!
UP THE ROVERS!
Du må være innlogget for å svare