lackburn vs. Sheffield Wed 24.oktober 20:45
Opprettet 10/23/2012 11:10:21 PM
Sist oppdatert 10/23/2012 11:10:21 PM
For alle dei heldige abonnentane av Rovers Player dukka det i kveld opp eit intervju med mannen som kan gje dei beste råd om globale saker. 8 minutt med søppel spør du meg. Søppel iblanda eit altfor stort ego. Eg likar store ego, men ikkje søppel. Sjerpings Shebby Singh! Ein ny manager må inn, og alt anna enn ein god manager vil no vere ein komplett farse. Det er eitt eller anna med 'ung og dynamisk' og 'Billy McKinlay' som skurrar når det vert uttrykt i samme setning.

Enn så lenge er det Eirik den Svarte som styrer skuta. Til no har ein unngått å grunnstøyte, men sjarmen til ein Jack Sparrow kan ikkje Black skryte på seg på fylla. Kven var det eigentleg som oppdaga Phil Jones? Og kvar er Willy? Han er relativt ærleg denne Black og etter ei nesten to år lang løgn er ikkje det noko å kimse av. Han skal også ha ros for å ha betra forsvarsspelet vårt; å juble for 0-0 var rare greier. Men kom'an. Har du Jordan Rhodes, Nuno Gomes og trollmannen Kaz i stallen byrjar du ikkje å sutre om for dårlege spissar. Spel med det laget du har, og spel på dei styrkane du der finn. Ting kan tyde på at det var tendensar til den slags i førsteomgangen mot Derby, så rulla på!
Sheffield WednesdayDette er enkelt og greitt ein kamp me må vinne. Wednesday spelte kanskje bra i uavgjortkampen mot Leeds sist, men dei har ikkje vunne på dei ni siste. I september vart det seks ganger tap(!). Det er eigentleg ein merkeleg utvkling. Historien er nemleg den at dagens manager Dave Jones har gjort sine saker veldig bra heilt fram til no. Då han tok over for Megson førre sesongen spelte Wednesday tretten kampar. Ti av desse enda med siger, tre uavgjort (og som den med mattetalent kløktig har resonnert seg fram til; null tap). Jones har ei fortid i Cardiff og ja, han har vore linka til jobben i Rovers, men ikkje i denne runden. Eg går ut frå at dette betyr at han er belasta av å vere SEM-klient (men ikkje sjekk, det er nemleg kvalmegaranti på heimesida deira).

Stallen er heller ikkje så ueffen. Keeper Kirkland er jo ung, men solid. Gardner og Llera i midten bak mønstrar ei høgde som får Samba til å framstå som Muggsy Bouges. På midten er det helten og arbeidsjarnet Semedo som fører an. Corry debuterte sist og imponerte, og Barkley er på lån frå Everton. På lån er også 'Norwich-dødaren' Bothroyd og det finst også andre kurante folk på topp. Eg tippar på dette laget:
KIRKLAND
BUXTON - GARDNER - LLERA - JONES
BARKLEY - SEMEDO - CORRY
BOTHROYD - O'GRADY - ANTONIO
Rovers
Skuslar me bort 2 poeng på tampen av denne kampen tek eg sjølv ferja til England og melder meg som sjef (i ein alder av elleve var eg assistent-trenar på smågutelaget mitt. Det var min taktiske klokskap dei ville ha fatt i!). Det var ille å sjå heile Twitter kollektivt bevege seg mot samanbrotet ved reduseringa sist.

Men eit par ting gjekk vel også bra. Dunn var delaktig på ein måte som Murphy ikkje har klart det til no. Rhodes viste nok ein gang klasse (ja, han kan faktisk score i denne ligaen). Men med mange trøytte bein på slutten hadde det kanskje vore ein idé å bruke meir enn eitt bytte? Nunes, Markus Olsson og Vukcevic er ute, i tilegg til langtidskadde Best. Laget blir som sist, tippar eg:ROBBO
ORR - DANN - GIVET- OLSSON
LOWE - DUNN - ETUHU - GAMST
RHODES - KAZ
Kampen er radiokamp. Den startar klokka 20.45. Rovers vinn 2-0. Du las det først her!
Du må være innlogget for å svare