Blackburn vs Barnsley- Tirsdag 18.09.12
Opprettet 9/18/2012 1:01:47 AM
Sist oppdatert 9/18/2012 8:13:00 AM
Radio Rovers
Sett vekk frå eit straffespark i Marseilles ein sommarkveld i ’98 har nokre av mine finaste minner blitt til når eg har lånt vekk øyret til Radio Rovers. Det beste kom kanskje tilbake i 2004. På ein gråtung laurdag i Bergen hadde første omgang av Rovers – Pompey blitt fortært saman med ei heil plate fruktnøtt. Mark Hughes hadde nett starta på det som skulle bli hans til no største suksess som manager og stemninga steig i det 58. minutt då Jansen – som hadde blitt oversett i ein lengre periode av Souness – returnerte i blått og kvitt. Då han scora sytten minutt seinare kunne ikkje tusen teikningar ha fiksa stemninga betre enn lyden frå 1040 am. Buekorpsa, drankarane på Fotballpuben og resten av byen kunne ikkje ha laga meir leven. Fotball er best på radio?!

Så, kvifor denne nostalgiske ego-trip, spør du kanskje? Jo, sjølv om radioen får fram det beste i folk er den ubrukeleg til å danne seg eigne (reflekterte?) meiningar om 2x45. I ein sesong der minst 75% av all underhaldning skjer auditivt så blir det heftige porsjonar synsing frå ein skarve skribent. Harde Fakta er at me har blant dei to-tre beste troppane i ligaen, at me scorar mange mål, at me slepp inn nesten like mange og at me er ‘top of the league’. Held me fram i same stimen blir det mest truleg opprykk. Eg klandrar ikkje den som tvilar på om Kean sine taktiske evner ville blitt avslørte som bløff på Folkeopplysningen og at dette einaste er ein indian summer (ha ha ha ha). At enkelte framhevar at dette er vår beste seriestart sidan ’94 er omtrent like imponerande som at Maceo Rigters har starta å bøtte inn mål i A-League (4 på 22 anyone?). Men luk vekk alle spirer til skepsis, det er digg å ligge øvst.
Barnsley
7 poeng og 13. plass er over all forventing kva gjeld seriestarten til Barnsley. Hadde det ikkje vore for Portsmouth er i djup skit ville The Tykes rykt ned i fjor. Minus ti poeng for Pompey sikra likevel ein sesong til i det glade selskap for dei raude frå sør i Yorkshire. Interessant nok var klubben eitt av berre to lag i ligaen som gjekk med overskot i fjor, og med begrensa inntekter skjønar ein at det er godt gjort å halde hovudet over vatnet. Heilt sidan 2006 har dei blitt tippa nord og ned, slik også før denne sesongen.
Det er ikkje så altfor mange profilar på Barnsley. Førre sesong var Jacob Butterfield den store spelaren og vart såleis snappa opp av Norwich i sommar. Jim McNulty var den andre som leverte varene. Han er kaptein på laget, men heldigvis for oss er han skada. Mido er eit anna kjent namn, men også han slit med helsa. Om ikkje det var nok henta dei den lovande Toni Silva frå Liverpool for å setje fyr på vingspelet. På merkeleg vis har han også teikna seg på skadelista. Keeperhelten Luke Steele skulle ta Manchester og England med storm, men det stilna litt og Barnsley vart laget. Han er for all del habil, og den einaste gode skadenyheita for motstandarane er at han kan kome til å returnere frå eit lengre avbrekk til denne kampen. Det betyr nok ikkje så altfor masse. Uvisst er det også om det betyr noko særleg frå eller til at dei kvitta seg med vår alles favorittkid Jay McEveley før sesongen var sparka i gang. Det ligg fint til rette for eit saftig tap på Ewood Park, noko som vil bli deira fjerde bortetap på rad.

Keith Hill – manageren – fortener likevel litt merksemd. Du har høyrt namnet, trur du? Om du er fødd på ’80-talet eller før kan det kanskje passere, elles er det berre skummelt. Han har ei fortid i Rovers og spelte 96 kampar i blått og kvitt frå 1987 til 1992. Det beste han gjorde, slik eg ser det, var at han bana vegen for Nicholas ‘Nicky’ Marker. Hill + Craig Skinner gjekk til Plymouth, Marker kom til oss. Hill starta si managerkarriere i Rochdale, først som care-taker, deretter som fast tilsett sjef. Han gjorde rett og slett sine saker absurd bra; 231 kampar og 43,72 % i sigersprosent. Det vart opprykk frå League Two i 2011 og dei avslutta på niandeplass i debutsesongen i League One. Det skulle vorte laga ein statue av Hill i tekstilbyen Rochdale, om enn den berre måtte bli døypt ‘Fotball-manageren’. Eg er previewskribentane sitt svar på Ivar Morten Nordmark. Keith Hill er mest truleg eit lovande manageremne og held han Barnsley i divisjonen er det oppdrag fullført.
Rovers
Dette måtte vere kampen å halde nullen i! Dei fleste kamprapportar tydar på at sesongen så langt har handla om at me har meir kvalitet i laget enn motstandarane. Tidvis har det gått glatt framover, og med Rhodes inn (takk til Global Advisor) er det store ting i vente. Men kom an, viss du ikkje fiksar ein defensiv struktur snart Kean, ja så kan ikkje ein gang ei god gammal løgn fikse biffen. Givet og den minst gode Olsson er ute, men her handlar det ikkje så mykje om enkeltindivid. Det er eit fotball-lag me vil sjå tilbake i Premier League 2013/2014.

Framover er det som sagt bra. Rhodes og Gomes har funne tonen og vår slipne Ruben gjer som oftast ting fint når han kjem inn. Etuhu og Murhpy spelar nok seg gradvis oppover, pensjonisten får tillit og Bruno Ribeiro er alle sin kjæledegge. Dessverre er Kaz framleis ute, slik at det er litt fattigare på benken. Formica, Dunn og eit par til burde likevel vere motiverte til å gje litt ekstra skulle dei få sjansen. Nokre av portugisarane må nok også varme eit par seter, for Kean torer vel ikkje gje Vukcevic sjansen på benken? Ikkje det at det er så farleg.
Ein kunne tippe på desse 11:
Robinson
Orr – Hanley – Dann – Olsson
Ribeiro – Etuhu – Murphy – Gamst
Rochina
Rhodes
Kampstart er kl 20.45. Og ja. Radio.
Up the Rovers!
Du må være innlogget for å svare