Opprettet 8/28/2012 9:59:18 AM
Sist oppdatert 8/28/2012 9:59:18 AM
Sesongen er altså sparka i gang. Rovers har vunne 2 og spelt 1 uavgjort (om enn utan å imponere). Steve Kean har såleis starta snuoperasjonen (du skal ikkje tape!). Mon tru om han ikkje har vorte meir sannferdig også; det ryktast at han innrømte at me ikkje var særleg gode mot Leicester, ei heller mot Hull. Kva då med cupen – skal den vinnast eller forsakast? Ikkje veit eg, men MK Dons burde vere ein overkomeleg motstandar. Dei spelar jo langt der nede i League One.
Det må vere viktig å ikkje gå på ei stygg blemme i alle fall. Det ikkje veldig overtydande spelet i dei føregåande kampane har vorte overskygga av poengfangst og gode enkeltprestasjonar. Spelarane med brukbar mengde toppligaerfaring har det liksom berre i seg og Bruno Ribeiro er vel det næraste ein kan kome ein kulthelt hjå Sirkus Rovers (ja, sett vekk frå den høna, sjølvsagt). Det er berre å bestille drakt med namn og nummer, eller er du kanskje typen som trykker opp eigne t-skjorter? My name is Bruno, but my friends call me Denis!
MK Dons
Det er ikkje særleg av eit namn Coca…eh Carling...Capital One Ligacupen har vorte velsigna med i år. Såleis høver det godt å spele andre runde mot Milton Keynes Dons. Det er faktisk fyrste gongen Rovers møter Dons etter at sistnemnde vart oppretta i 2004. No har me likevel vore i altfor stor indirekte kontakt med klubben sidan den (uforståelege) suksessen Paul Ince hadde der var det som la grunnlaget for hans inntog i Rovers. Fotballverda er merkeleg. Eg ville gjerne ha bytta tilbake notatblokka til Ince mot den leppefuktande Kean. Ince reiste jo attende til Dons etter at han fekk sparken i Rovers, men vart snart erstatta med sin assistent Karl Robinson (også med trenarfortid på Brockhall). Robinson vart den yngste trenaren, med sine då 29 år, attende i 2010. Namnet hans har til og med vorte nemnt som ein mogleg kandidat den dagen Kean får sparken (yeah right!).

Ein ting Robinson har fått til er å innprente ein krigarmentalitet i laget sitt. På dei fire siste kampane har dei hausta inn like mange raude kort. Det talar til Rovers sin fordel, særleg sidan kapteinen Dean Lewington vart utvist sist. Særleg dumt er det heller ikkje at Alan Smith (ja, han ja) også sonar karantene.
Rovers
Laguttaka så langt har vore litt sånn varierte. Eit stalltips er at det går på rundgang blant dei i den innarste sirkelen. Dei lukta litt Balaji av laget sist, ikkje sant? Det einaste som er sikkert er at eit par spelarar vert å finne plasserte «out of position». Det gjer garantert underverk for Jason Lowe si karriere å spele venstreback og ving, for ikkje å snakke om å sende portugisar nummer 4 ut på topp.

Det har enkelt og greitt vore tilfelle at den kvaliteten me har i stallen (i Championship-målestokk må vite) har sikra oss poeng, og det må gjerne fortsetje. Men å få etablert ein nokså stabil første-ellevar som spelar i eit slags mønster ville ha vore greitt. To tøffe kampar ventar etter denne (Leeds og Bristol City borte) og all på-spelt sjølvtillit vert motteke med takk. Roter gjerne litt på troppen, men gå inn for å i gang viktige spelarar. Det ville ikkje skada med ein Rochina som er varm i trøya til viktigare kampar skal spelast.
Kampen
Det heile vert sparka i gang kl. 20.45 (norsk tid). Det går føre seg på Stadium MK som har plass til nette 32000 tilskodarar. Det skulle vere nok til at alle portugisiske familiemedlemmer får plass. Leikar Kean og Black mitt skip er lasta med (versjon portugisiske råvarer)?

Steve Kean seier i alle fall følgjande: - Det er tid for å vere forsiktig med gutane som har spelt mesteparten av våre tre kampar. Dei har spelt mange mange minutt, så no lyt me kanskje kvile dei.
Karl Robinson seier: - We’re a strong gruuuup (’Homage to Steve Kean’)
Ingen av laga har gjort nokon tropp tilgjengeleg, så her skjønar ein at det er snakk om to managerar som held eit skyhøgt 'mind games' nivå.
Dons skal bli løvemat for Rovers. Snakkast på Wembley!
Du må være innlogget for å svare