Det er komplett ubegripelig
Opprettet 5/9/2012 5:20:11 PM
Sist oppdatert 5/9/2012 5:20:11 PM
Eg stiller meg sjølv ofte spørsmål; er det mogleg? Ja, det er tydlegvis mogleg å køyre ein av dei best drevne og stoltaste klubbane i England komplett i grøfta. For meg så er det rett og slett utenkelig at nokon kan få halde på slik som Kean har fått lov. Kva er agendaen til Venkys? I mine auger må det vere noko som er både kriminelt og det som galnare er, for alle kan vel sjå at det dei gjer er både å tape penger og ansikt. Kva vil dei eigentleg? Kva brukar dei klubben til? Reklame? Nei. Tene penger? Nei. Så kva vil dei? Har dei noko personlig i mot Blackburn sidan dei tråkke på sjela og pisse på logoen vår? Denne saken her må jo vere som ein draum for ein granskande journalist. Noko er jo fundamentalt gale og lite logisk.
Mine ynskjer er fyrst og fremst å bli kvitt den rygglause svekklingen Steve Kean og hans medsamensvorne haudelause kyllingar. Eg tek både eitt og to år i Championship i byte mot at dei respektlause, feige og skammelige avskumma av nokre mennesker skal styre klubben vår. At Kean får lov til å spy ut sine uforståelige kommentarar kamp etter kamp utan at det får konsekvensar for han...ja, det burde vore ein lov/forbod mot slike mennesker. Men ja, eg kan sikkert fortsetje i det uendelige med upgulp om desse aktørane. Eg lar det ligge.
Mitt styrste ynskjer no er at det blir laga eit komplett helvete for både Venkys (når dei gjestar Stamford) og Kean i den siste kampen. Det optimale hadde vore å fått med Chelsea sin fans på det. Eg veit ein skal vere forsiktige med å trekke folk for langt ned i søla, men når Kean faktisk ikkje trekker seg (når heile klubben faktisk og bokstavelig talt hatar han) har eg ingen sympati og grenser for kva ein kan sei og gjere mot han i denne forstand. Det same gjeld inderane.
I forhold til neste år og stallen då, så trur eg, om vi får inn ein manager med ballar og ryggrad, samt eigarar med sjel og hjarte for laget (eller evt. berre folk som kan det å drive ein klubb), så trur eg vi kan få ein kjekk sesong. Behald vi stamma av dei unge i laget kan det bli verkelig bra. Vi må nok rekne med å myste Hoilett, Yakubu og moglegvis nokre til, men det får så vere. I forhold til dei andre ser eg gjerne at Gamst snart pakkar snippsekken og stikk. Dette mest grunna lønning og kvalitet. Hadde han hatt mindre i løn kunne han vorte verande. Utover han ser eg gjerne at spelarar som Orr og Dann kan vurderast for utbytte. Dette sjølvsagt i tillegg til opplagte val som Modeste og Anderson mm. Dei er jo sjølvskrevne på "sparkelista".
Men ja... Kva kan ein håpa på? Eg blindar igjen augene og opnar dei igjen når vi skriv medio august. Mogleg vi då har fått skuta på rett kjøl igjen...
Du må være innlogget for å svare