Eit par tap gjer oss ikkje til eit dårleg lag?
Opprettet 4/20/2012 9:49:31 PM
Sist oppdatert 4/20/2012 9:49:31 PM
Du trudde kanskje at Blackburn
Rovers anno 2011/2012 var eit dårleg lag? Tru om igjen! Steve Kean kunne i dag
fortelje følgjande:
-Eit par tap gjer oss ikkje til eit dårleg
lag.
Du trudde kanskje at kampen mot
Norwich kunne blitt litt vanskeleg og at den måtte spelast før poenga vart
delte ut? Tru om igjen! Steve Kean kunne i dag fortelje følgjande:
-Dette er definitivt tre poeng til oss.
Du trudde kanskje at Gael Givet
var det ferskaste offeret for Kean sin lavmål av nokon løgner og at sjefen
sjølv var ein dust? Tru om igjen! «The Dignified» kunne i dag fortelje
følgjande:
-Ein kan gå på jobb og ikkje føle seg heilt
vel, men dersom du har ein god sjef så er han forståingsfull. Eg handterte det
veldig bra, synes eg.
Steve Kean er manager for Venky’s
FC, men aldri i verden for Blackburn Rovers. Til den oppgåva er han ikkje
funnen verdig. Dessverre har han rasert klubben vår alt for lenge no og ein lyt
berre håpe at når nedrykket kjem så kvittar Venky’s seg med ein kvar
eigarrelasjon til Rovers. Då er sjølvsagt også Kean borte før Balajallaitesh
rekk å seie «AKON». Ikkje ein gang Peter Beagrie (levert oppseiinga di til TV2
no?) ville ha hatt Kean som kokk på eigen restaurant.

Norwich?
Vi skal møte Norwich. Same kva
lag vi skal møte veit du at det blir vanskeleg. Norwich har imponert dei fleste
og manager Lambert har tidlegare blitt rosa her på brscn.no. 34 kampar spelte,
11. plass og tre poeng opp til Liverpool. Gode odds på det før sesongen var
sparka i gang? Ja. Lambert har gjort gull av gråstein.
Norwich kjem frå ein tungt tap,
Manchester City sine blodpengar fiksa 6 mål i kassa sist. Slikt skjer. Meir
betegnande for sesongen til kanarifuglane var den sterke bortesigeren mot Spurs
i kampen før. Dei kjem topp motiverte til Ewood, dess høgare plassering i
ligaen dess meir pengar til forsterke for i sommar. Endar dei betre enn 12.
plass blir det deira nest beste plassering i Premier League nokon sinne (berre
slått av 3. plassen i 1993).

Dei har forresten scora mange mål
Norwich. Omtrent like mange som oss. Med den skilnad at dei ganske ofte har
klart å kombinere dette med defensiv organisering. Likevel skal du få ei råd av
meg Steve Kean. Prøv å få spelarane «dine» til å utfordre keeper John Ruddy.
Klubbnomaden (har vore innom 12 ulike) har ikkje imponert meg nemneverdig. Ikkje
den heilt store rekkevidda, ikkje det heilt store feltarbeidet. Så Junior, vi veit du er flink til å drible,
men send heller av garde eit skot eller to. Og Gamst, vi veit du fortalde til
han Sky-fyren at du scora 4 mål frå corner i ein guttekamp for Tana mot Rana.
Da capo!
Siste sjanse?
It ain’t over until the Fat…vel
Olga Marie Mikalsen har gurgla i seg ein god del Solo. Hurra for deg som fyller
ditt år.

Berre 3 poeng er godt nok. Intet nytt frå vestfronten altså, sett vekk
frå at dersom vi ikkje skaffar oss full pott i morgon er det kan PR-sjef Agnew
spele Kean sin svalesang over PA-anlegget på Ewood. Gløymt er Rihanna og andre
fikse triks, men stemninga kjem definitivt ikkje til å vere god. Så lat oss
håpe at Kean har hatt det gøy på treningsfeltet og at alle møter opp «in the
right frame of mind». Brorparten av laget som «spelte» mot Swansea skulle ha
vore vraka, men slik blir det ikkje.
Med Grant Hanley ute for resten
av sesongen og Bradley Orr og Martin Olsson småskada må forsvarskabalen bli
lagt på nytt. Mitt forslag?
Lowe – Dann – Givet – Henley.
Eit openbert svakt ledd er Scott «Relegation»
Dann, men så mange andre har vi ikkje tilgjengelege, om då ikkje late blossomer
aka Daddy’s boy Myles Anderson har imponert i det siste.
Midtbane. N’Zonzi burde vrakast
av prinsipielle grunnar, men kven vil vel sjå Petrovits frå start? Så ein firar
med
Formica – N’Zonzi – Dunn – Gamst
blir fint!
Og på topp må og blir det:
Hoilett – Yakubu
Eg forventar ikkje at nokon av
spelarane spelar for Kean, men det ville vere triveleg om dei kunne ta i eit
tak for Rovers.
Resignasjon
Dårleg skjult seier du? Eg
nikkar. Verdast mest resignerte preview-skribent skal ikkje dra det lenger. Kampen
blir spelt, anten du likar det eller ei.
* Kanskje
scorar Yakubu sitt 17 mål for sesongen, noko som ville vere karrierebeste?
* Kanskje blir
det uavgjort, noko som ville vere berre andre gang for sesongen på Ewood?
* Kanskje vinn
vi og håpet held seg levande?
UP THE ROVERS!
Du må være innlogget for å svare