Rovers treng poeng
Opprettet 4/1/2012 12:13:23 AM
Sist oppdatert 4/2/2012 10:03:43 PM
Innleiande merknad 1:
Dette preview’et vart skrive under Earth Hour med skjermstyrken på maks og
straumen kopla i. Er du av typen som tek slikt på alvor så veit du no at eg
ikkje gjer det.
Innleiande merknad 2:
Eg er feil mann til å skrive dette previewet. Eg hatar ikkje Manchester United
og eg hatar ikkje Sir Alex. Er du av typen som meiner at dette ikkje er
forenleg med å heie på Rovers, ja så veit du at eg ikkje meiner det (PS! Elles
er eg snill med dei gamle og glad i dyr).

Kampar som kjem og
kampar som gjekk (make or break our season, episode 31)
Den som sat benka – om ikkje av anna grunn ein av vane –
framfor TV/PC frå 16.00 til 18.00 i dag kunne triveleg nok konstatere at det
meste gjekk i dass. Arsenal har sjølvsagt alltid vore ein del av konspirasjonen
mot oss («axis of evil») og gav QPR lett match. Wigan plukkar alltid med seg
litt (nok?) poeng i løpet av ein sesong og Bolton er i siget. Ei rein lukke at
vi møter United på måndag; tre poeng gjenetabler det som media og Steve Kean
lanserte som eit pusterom ned til botnlaga. Breathe in, breathe out. Smack. Postkassa til Keano er full av
angrande syndarar, topp 6 here we come. Smack. Nedrykksstrid igjen. Eric the
Black Knight har vore litt til hjelp – han er jo faktisk aktiv under kamp (ser
nesten ut som om han er i stand til å dirigere forsvaret og lese kampbileter) –
men så lenge Steve Kean kan finne på å spele hoofball med Yakubu som
oppspelspunkt så blir eg nesten frista til å rope på sexy football. Det geniale
er jo at ein endeleg får nytte av den nye Wanye Roo; Goodwillie får jo også sikkert kampbonus, men
den slår ikkje inn dersom han berre varmar opp nede ved hjørneflagget i 90
minutt og sparkar ballen rask bort til Paul Robinson. Fell denne måten å plukke
opp løningsposen på inn under det ungdomen omtalar som «å nave»?

No er det lett å kaste seg på the bandwagon. Scott Dann er
ikkje akkurat supergod. Han er ikkje nødvendigvis alltid superdårleg, men han
er ikkje supergod. Nelsen derimot, han er av og til supergod og alltid superkul.
Han vart etter seiande sendt ut av det (ein gang så) gode selskap for å spare
klubben for lønsutgifter, og sjølvsagt også fordi Kean no kan halde fram meg å
unnskylde elendige resultat med at ein manglar rutine. Men tilbake til løna. Har
ikkje Kean henta ein haug med spelarar til klubben som aldri eller nesten aldri
spelar? Hevar ikkje desse løn? Ville det ikkje vere ok å ha litt back-up på
stopparplass? Med Givet ute mot United (og for resten av sesongen) så er vi
henvist til Hanley & Dann.
Ok, ikkje europa, men
i alle fall «The double» over Scum?
Vi skal møte United på eit gunstig tidspunkt. Ikkje berre må
vi vinne (og dermed er vi supermotiverte), men United kan koste på seg eit tap.
Ikkje alt var lyseblått på Etihad Stadium tidlegare i dag og sidan Sir Alex har
brukt veka på eit 1881-søk etter nummeret til Steve Kean pustar han sikkert
letta ut over at han ikkje treng vinne på Fort Ewood. Har han verkeleg ikkje
fått med seg at 180 er masse raskare lurer du kanskje på? Og var det ikkje
Fergie som skjenka Kean slik at han mista verdigheita litt før her ein gang?
Nei. Blame the fans (skjønt «mr. spiked his drink» enda ikkje er fakka av lovens
lange arm). Oh, these fanciful mind
games. Lat med berre legge til at Sir Alex er den beste manageren i nyare tid
og at han for det meste har greitt med verdigheit. Å hate United er litt 1994-95
for min del, men dyrk det den som vil.

Dessutan vinn vi jo av og til over dei raude djevlane (i det minste litt uavgjort her og der). Eg
meiner på at vi hindra dei frå ligagull for nokre år attende (nei, ikkje i ’95)
og dei var eitt eller anna 1.aprilsk over nyttårsaftan 2011. Eg har dessverre,
men som vanleg ingen gode råd å komme med til Steve Kean. Som man reder ligger
man, og eg klarar ikkje sjå føre meg noko anna ein «nonstop kasta utover
taktikktavla» i rovers-garderoben, men forhåpentlegvis blir rød og gul og grøn
og blå rydda litt i hop av Black & Brunskill. United er farleg gode på sitt
beste og har av og litt til for masse fart over seg. Eg hadde nok beordra til
ein bryt ned og frustrer – aka. splitt og hersk – strategi, vel vitande om at
det mest truleg ikkje er så veldig sannsynleg å klare det i 90min +. Vi klarte
det i fjor (1-1), men då hadde vi Jones-brødrene, Samba, Givet og Emerton i
start 11’aren og ingen av desse er erstatta eller skadefrie no. Så då blir det
vel å satse på ein og annan overgang då (Olsson og Hoilett, can you hear me),
som endar med mat til Yakubu og dermed mål. 2-2 anyone? 2-2.
Laget og slikt
For Rovers sitt vedkommande så er altså krigaren Givet ute
og det er eit tap. Elles er dei fleste klare for kamp, men ikkje sett pengane
på at Simon Vukcevic kjem inn i det 66. minutt. Laget tek seg omtrent ut på
eiga hand, men eit par punkt kan ein likevel filosofere over.
Punkt 1. Marcus
Olsson. Han er ikkje særleg (eventuelt ikkje i det heile teke) god, så kanskje
bør han ikkje spele sjølv om det er kult og søtt og forvirrande og alt det der.
Punkt 2. MGP. Han jobbar knallhardt og har fått orden på innkasta.
Punkt 3.
Bradley Or(r) Lowe?
Ein kunne jo trikse og mikse og plassere – altså gøyme bort
- Gamst på venstrekanten og setje «King Kross» på høgreback. Då blir det slik:
Robbo
Orr
– Dann – Hanley – Olsson
Formica
– Lowe – N’Zonzi – Gamst
Hoilett
Yakubu
Og sidan Formica ikkje er høgreving så kunne han jo
eventuelt byte plass med Hoilett. Eit anna alternativ er at Dunn er frisk og i
stand til ein heil kamp og derfor erstattar Formica heilt (Gato har ikkje vore i strøk i det siste). Fordelen med å bruke Lowe på midtbana er at han er
ganske god (til dømes samanlikna med Marcus Olsson).
For United er Rio Ferdinand tilbake og i fråveret av Vidic
så er nok det bra. Nani er sjølvsagt også eit stort tap, men det er dessverre
nok av kvalitet og breidde i den stallen der. Dei har scora i alle så nær som
ein PL-kamp i år og har ikkje tapt på dei siste ti.
Resultatet
2-2. Du høyrde
det fyrst på brscn.no
Kampen kan du sjå på pub eller på påskefjellet. Måndag 2.
april, kl. 21.00, norsk tid.
Du må være innlogget for å svare