Kampen i kampen. Skotte versus skotte.
Opprettet 1/20/2012 11:22:15 PM
Sist oppdatert 1/21/2012 9:50:26 AM
O’ fotballgudinne, syng om dei dagar då vi kunne klage over at Vince Grella alltid var skada. At Keith Andrews hadde litt høg løn. At Bruno Berner aldri heilt tok nivået. At vi vann med eit mål for lite eller sparka ein ball for langt. Vel, mykje gjekk gale i 2011. 2012 blir det lova jubelåret? Vi har i alle fall vore gode i det siste.
Kean versus Moyes
David Moyes er blant dei beste i gamet. Neste gang han leiar Everton til siger (det blir ikkje i morgon!) vil det vere for 150. gang i Premier League. Det er berre tre andre som kan skryte av det same. Ein manager som er taktisk klok, veit korleis ein skal bygge eit fotballag og let seg ikkje stresse av små feilskjær her og der. Sjølv om ligastartane ofte kan vere vanskeleg blir eit Evertonlag under Moyes alltid å rekne med i topp 10-kampen. Ti sesongar i Everton har gitt sju topp-10 plasseringar, inkludert ein fjerdeplass og to femteplassar. Samanlikn det med pengane Liverpool har brukt og Charlie Adam og Andy Carroll kan gå heim og skamme seg. Moyes er ein solid kar. Men ikkje like elegant som Steve Kean.

For det Moyes ikkje veit er at i morgon møter han sin overmann. Overmannen har kanskje ikkje så masse hår, heller ikkje den beste statistikken og han seier mykje rart. Men no har han lært. Eitt år med schizofren prøving (og ja, for det meste feil, feil, feiling) av ditt og datt er over. Erfaringane har smerta slik at han har fått nok. Frå no av vil han vinne kampar. Og mot Fulham må vi vel ha levert sesongbeste på heimebane. Vi klarte å halde ein form for defensiv struktur samstundes som midtbana var midtbane. Vi spelte altså 4-5-1 og berre no og då 9-0-1. For med Yak utvist ville det ikkje blitt nokon suksess … 9-0-0 … lizm. N’zonzi har fått mykje ufortent pes av fansen (trur du at han er problemet til Rovers så tru om att!). Den lobben smerta meir for Messi enn eit par skruknottar. Alle andre må heim for å øve. The Zonz for Prez. Men dette skulle handle om Kean. Og Kean står ikkje aleine på sidelina. Eric Black har komme inn som assistent. Det var nummer tre for sesongen. Det betyr lukke, og når Kean han gjort statistikken sin tre ganger så god så kjem det til å runge Steve Kean’s Blue & White Army over Ewood. Rihanna over PA-anlegget er passé. Framtida er smålubben og blå og kvit (jada, eigentleg raud)! Tonight is gonna be a good night. #egmeinardetalvorleg
Everton – slank stall og mange skadar
Moyes hadde ved sesongstart ein ikkje altfor brei stall. Med Phil Jagielka, Sylvain Distin og Jack Rodwell ute ville det blitt tøft. Legg til at Leon Osman, Seamus Coleman og Tony Hibbert også er plassert på sjukestova. Men Darren Gibson og kulthelt Landon Donovan er klar. Cahill, Fellaini og Saha kan alltid by på problem. Også var det venstrefoten til Leighton Baines då. Den har levert flest innlegg av samtlege venstre- eller høgrefotar denne sesongen. Apropos høgrefot så har Phil Neville bursdag på kampdagen. Han blir 35. Han kjem til å spele høgreback. Lat oss ikkje be to ganger, bløtkaka i fjeset hans og ballongar til oss. Hoilett lurer han fjorten av fjorten gangar og på dei fjorten innlegga så klarar sikkert den skotske superrotta Speedy-Goodwillie å bryste ballen i mål ein gang. Viss ikkje ropar han på ‘young Grant Hanley og så blir det leven. Hanley, Henley, Hoilett. Ikkje rart motstandarane står att med måpefjes.
Everton stiller med:
Howard
Neville – Heitinga - Duffy - Baines,
Donovan – Fellaini – Gibson – Cahill - Drenthe
Saha
Hit the ground running!
Kean skulle hente spelarar som kunne gå rett inn på laget og ta nivået med ein gang. Tom Paine kjem frå ein stad der vatnet spinn feil veg ned i sluket og Anthony den Audmjuke skremmer nok ikkje Johnny Dutchman til buksevatning. Eric Black derimot er nok ei grei signering, men ein må nesten forvente såpass. At ein finn pengar nok til ein assistentmanager altså. Det hadde ikkje skada med verken ein løps – og duellsterk midtbanespelar eller ein høgreback som faktisk er høgreback, #butcarefulwhatyouwishfor. Kaptein Raudskjegg har levert litt av kvart på overgangsfronten. Ser du på laget under så er det ikkje så mange av spelarane Kean har henta inn som kjem til å spele i morgon. Venky’s sin gylne regel var at ein skulle treffe på 7 av 10, men prinsipp er jo til for brytast. Det handlar om what we’re trying to do at the club, og så lenge det blir gjort så skit eg i korleis. Fotball handlar om resultat. Og resultatet i morgon går i favør oss.
Rovers går ut slik:
Robinson
Lowe – Givet – Hanley – Olsson
Formica – Gamst – N’Zonzi – Dunn – Hoilett
Goodwillie
Det sikrar 3 poeng og kven saknar vel Johan Vogel då?
Up the Rovers!
Du må være innlogget for å svare