Blackburn - Stoke -- 02.01.12 KL 16.00
Opprettet 1/2/2012 11:34:28 AM
Sist oppdatert 1/2/2012 11:34:28 AM
Julenissen leverte betre enn nokon sinne. Dei som med handa
på hjarte kan seie at dei trudde på fire poeng på dei to siste kampane er
større løgnarar enn…ehh…gløym det. Alle mann (minus 1) i forsvar og bryt ned
alt tempo i kampen fungerte perfekt som hugsereglar takka vere ein litt
underleg skrue på topp. Han kan ikkje stå i mur, han bryr seg ikkje så masse
med å springe rundt og han treng nesten ikkje mating heller. Så lenge Carrick
er sløv grunna lavkarbodietten sin fiksar Yakubu mål på eiga hand. Tony Pulis
skjelv under capsen.

Stoke
Vi møter altså
Stoke. Og lurer du på om «har vi ikke nettopp møtt de ‘a?», så har du jo litt
rett. Det er ikkje særleg lenge sidan og sist kamp gjorde vondt. Vi var
sjanselause og det nesten utan at Stoke såg ut til å anstrenge seg. Grant
Hanley hadde ikkje sin beste kamp den gang (men det hadde han mot United så
dette går bra). Pulis sine menn fekk ein opptur i tida etter kampen mot oss og
har berre tapt 1 kamp på sine sju siste. Det er lite nonsens å spore hos Stoke.
Ofte går det direkte, men like ofte går det gjennom midtbana. Etherington kan
gje mange ein tøff dag på jobben, Pennant kan om han har lyst, Walters er
målfarleg (ikkje lag straffe!), Crouch og Jones er høge nok. Siste nytt frå
Britannia er at også Cameron Jerome har debutert som målscorar. Eg går likevel
ikkje med på at vi treng frykte han.
Heimekamp
Heimekamp har denne
sesongen for det meste handla om tap. Verst var det sist mot Bolton, stemninga
var hatsk (kva kunne ein forvente?) og førsteomgangen og resultatet heilt
elendig. No skal vi altså snu trenden mot Stoke og ein kunne jo ønske seg
lettare motstand. Men vi har altså vår sjanse til å gå tre kampar på rad utan
tap. I kampen mot Liverpool var Samba vår store spelar, medan kampen mot United
var ein lagseier. Samtlege kjempa på – utan om Yakubu som berre scora mål – og sjølv
flaue Petrovic var ikkje så flau. Vi treng det same engasjementet i dag. Men vi
treng likevel også noko meir. Vi kjem ikkje til å kunne ligge like djupt som i
dei to siste og vi kjem faktisk til å (måtte?) diktere spelet i periodar. Tru
det eller ei. Og kvar gang vi har prøvd gjere det denne sesongen har dette resultert
i enorme strekk i laget etterfølgd av usikre forsvarsspelarar og påfølgande
baklengsmål. 22 kampar sidan sist Clean Sheet? Eller for å seie det som ein
klok herremann sa det i Sky Studio under Bolton-kampen: - He’s not closing him down like a Blackburn player should.
Det er berre å håpe
på at Stoke opplever ei lita formsvikt og at trua er tilbake blant våre heltar
i blått og kvitt.
Skadar
Vi hadde vår
skjerv av skadar i fjor og dei har nok blitt med inn i 2012. Men sjefen sjølv
seier at Olsson, Hoilett, Dunn og Givet vil bli testa like inn til kampstart og
kan altså vere tilbake. Om Roberts og Salgado skal bli testa blir det ikkje
sagt noko om. Litt skryt må like fullt den korthåra skotten få; han treff
spikaren spot-on når han seier at kampen mot United har lite å bety om ikkje vi
følgjer opp i dag. Så sant som det er sagt. I den samanheng kan det vere bra å
få nokre mann attende frå behandlingsrommet. Unggutane vart ferdige med puberteten
mot United, men det ville vere rart om ikkje dei merkar det harde
kampprogrammet. Hoilett vil kanskje innpå for å imponere Pulis også? Stoke på
si side har ikkje mykje å klage over. Whelan har vore ute dei siste kampane og
Wilkinson vart skada mot Wigan, elles har dei sine beste menn friske.
Rovers XI
Bunn
Lowe – Samba – Hanley – Henley
Formica – Petrovic – N’zonzi – Gamst – Rochina
Yakubu
Det kan bli ein
realitet igjen. Men laget ser ikkje veldig fryktinngytande ut, sjølv etter
bragda på Old Trafford. Kanskje får vi servert Hoilett, Olsson og Dunn som
supersubs?
Stoke XI
Sørensen
Shotton – Shawcross – Huth – Wilson
Pennant – Delap – Palacios – Etherington
Walters
Crouch
Desse kan by på
problem. Kenwyne Jones og Cameron Jerome kjem nok inn i løpet av kampen. Lat
oss berre håpe at vi innan den tid for lengst har avgjort den til vår fordel.
Vi vinn nemleg 3-1. Yakubu
scorar to. Formica eitt.
Up the Rovers!
Du må være innlogget for å svare