To gigantar møtest. Kean vs. Coyle.
Opprettet 12/20/2011 9:11:32 AM
Sist oppdatert 12/20/2011 3:39:01 PM
Godteri
Ein skal tydelegvis ikkje få suge på karamellen lenge. Berre nokre få dagar etter at Barcelona...ehh...WBA feia oss av bana på det som eingang var ein arena vi kalla Fort Ewood er det duka for nok eit meistermøte. Stortrenaren Owen Coyle tek med seg sine gutar for å innkassere tre poeng (ja, dei er dårlege, men aldri i verda dårlegare enn oss). Og apropos Barcelona, det er jo ein herleg fotball Bolton spelar, ehh? Lovorda lot ikkje vente på seg då Coyle liksom fekk Bolton til spele skjorta av dei beste. Men var det seriøst nokon som trudde at ein manager som heldt ut tre år i Burnley hadde noko å fare med? Ikkje det nei. Kampførebuingane til Coyle har desse dagane handla om ein ting: direktelinje til Venky's med utrøytteleg skryt av Kean. Coyle sin sjanse heiter Kean, kanskje heiter Kean sin sjanse Coyle?

Preview-quiz: kven er kjend som ein dugande "thinker"?
Jepp, dei er skotske. Og kva anna har dei til felles? Jo, dei har begge teke over lag Big Sam har vore sjef for. Og meir? Jo, dei gjer det begge mykje meir elendig med desse laga. Sparkinga av Allardyce er lett den latterlegaste avgjerdsla teken i nyare tid, berre kombinert med den å gje Steve Kean ansvaret for eit fotballag, og toppa med å ikkje ta frå han ansvaret. Men dette veit alle. Retweet if you hate Steve Kean.
Tre poeng?
Kan vi slå Bolton? Vi burde jo ha ein fair sjanse? My fair lady? Og kva skjedde eigentleg med Scott Dann? Nøtteknekkaren er for mange peiket på at vi verkeleg har teke fatt på jula. Dann får i alle fall ei fin og roleg feiring, han rekk endåtil ein tur på ballett. Krigaren Givet er ute med noko ekkelt han også, Nelsen held seg klokleg på sidelinja, Salgado er liksom skada og Olsson burde vere småfurten på Kean. Det blir litt av eit forsvar. Det er berre å takke og bukke for den velbalanserte stallen vår. Vi har for eksempel ikkje eit hopetal av spelarar som eigentleg berre dug "in the hole"; den offansive midtbane/hengande spiss-rolla. Vi har heldigvis både høgrebackar og vingar i fleng, for å ikkje snakke om den herlege box-to-box-midtbanespelaren som har dominert så mange kampar for oss i år. Min påstand er følgande: det er heilt sjukt at ikkje det skal gå an finne dugande erstattarar for El Hadji Diouf, Brett Emerton og Keith Andrews. Særleg sidan vi lot dei gå med viten og vilje.
Julegåvetips: nøtteknekkar i raud glans.
Det er forøvrig meiningslaust å komme med forslag til korleis Kean bør gjere ditt og datt. Tida er ikkje inne for justeringar. Tida er inne for å skifte ut problemet Steve Kean. Men om Steve er lutter øre så...dropp å stille opp i den heimesnekra 9-0-1-formasjonen. Og ikkje bruk den spanske vitsen Rochina på kant er du snill? Det må vere så sjukt å heite Jason Lowe og få vite at du skal få ingen - null komma niks - støtte i ein heil kamp. Elles kunne det også duge med litt press av og til, altså ikkje å fortsette taktikken frå kampane mot Sunderland og WBA som handla om å gje ballen til motstandaren og håpe på at dei ikkje finn på noko med den.
Blacburn Rovers
Ja, kven trur du startar? Kva har det eigentleg å seie? Chris Samba sa det slik:
-We are so low. As a team we have not proved we are good enough to stay in the league at the moment.
Skadelista inkluderer altså Givet, Dann, Nelsen, Olsson, Salgado. Det blir vel derfor desse som startar:
Robinson
Lowe-Hanley-Samba-Henley
Hoilett-Dunn-N'Zonzi-Gamst
Formica
Yakubu
Benken blir interessant, men diplomaten Roberts får sikkert plass. Det som er rimeleg sikkert er at denne gjengen ikkje blir å sjå:

Kvifor skulle desse eigentleg bry seg med å stille opp på Ewood?
Bolton Wanderers
Men, dei har ikkje vore så gode Bolton heller. Krumtapp Coyle mønstrar nok:
Jääskeläinen
Boyata - Cahill -Knight - Alonso
Pratley - Reo-Coker - Muamba - Davies
Davies
Klasnic
Få det overstått?
Vi vil jo berre få det overstått. Vi vil ha tre poeng og vi vil ha Kean ut. Det var Askepott sine tre nøtter det. Eg lovar berre at kl 23.00 i morgon er det overstått. Dei to andre ønska ville det vere dumt å tru skulle gå i oppfylling.
Treng du heftigare psykologhjelp enn Tony Soprano kan du jo ta turen til ein pub. Det vert lova samtaleterapi av Peder Freud Knutsen i Oslo, og er du i Trondheim har Jung lova å troppe opp på Three Lions. Er du ein "strong silent type" fiksar du deg sikkert ein stream eller ein sumo. Det startar klokka 21.00.
Go Rovers!
Du må være innlogget for å svare