Opprettet 6/12/2011 11:34:03 AM
Sist oppdatert 6/12/2011 11:34:03 AM
Jonesy er ikkje blackburn gutt lenger, og etter at han blei einige me United so ser ikkje eg han bli igjen i Rovers etter det. Han har dessverre ikkje eit ønskje om å bli i Rovers, så alt handlar no om å få mest mogleg for han - håper Rovers og Venkys har sitt på det tørre vedrørande klausul-krangelen, viss ikkje kjem folk aldri til å slutte å le av oss.
Høyrest bra ut om den klausulen var ein \"har du £16mill får du snakke med Jones\" og ikkje \"har du £16mill så får du Jones\"
£25mill høyrest bra ut, får vi det skal vi vere godt fornøgd. Han er uansett tapt for oss, lat oss gå vidare. Synd det skal drage slik ut, sett ein strek på midten å sei £20-21mill og bli ferdig med det. Kan fort bli slik at den overgongen der tek for mykje fokus vekk ifrå å kunne forsterke i andre ledd.
Treng forsovidt ikkje erstatte Jones i dette vindauget, vi har Nelsen, Givet og Hanley, samt Samba om han blir - som stopparar. Og på def.midt kjem Zonz til å bli stor, samt vi har vel greit backup bak han også.
Vi treng venstreback, backup på høgreback, ein godt rotasjonsspelar på høgreving, ein JJ på midten og eit par spissar. Pengane i frå Jonesy overgongen vil kome godt med.
PS: Eg har \"følelsar\" for Phil Jones, slik som dei fleste andre her - men når det har vorte slik som ståga er, så blir det slik. Han kom ut av intet og dreg vidare nesten like fort, men fy fader som vi kjem til å tjene på salget. Bakdelen i visa er at Jonesy er ein framtidig landslagskaptein, og ikkje lenger Rovers-spelar. Gutten har eit enormt potensiale, og Blackburn blir då ein alt for liten klubb for han. Slik er det og slik vil det vere i mange mange år framover, dei største klubbane tek dei største talente ifrå dei minste.
Alle her veit at slik er det å vere Roverssupporter - ikkje noko å grine over, sånn eigentleg. Det er 5 store klubbar i PL og 15 farmerklubbar, vi får berre håpe at før eller seinare så blir vi ein av dei 5 store, evt utvide til 6 :p
Du må være innlogget for å svare