Opprettet 5/5/2011 7:28:50 AM
Sist oppdatert 5/5/2011 7:28:50 AM
Einig med deg. Robinson har stått bra i heile år, og har ein stor del av æra for at vi held oss i PL om det skjer. Trygg i alle faser av spelet, og i tillegg til målvaktegenskapane, er han også eit offansivt våpen med frisparkfoten sin. Stabil og erfaren.
Dei andre kandidatane er også bra, men med eit par \"minus\".
Hoilett:
Har fyrst og fremst blomstra i siste halvdel av sesongen. Hadde han spelt ein heil sesong slik han gjer no om dagen, så hadde det vore vanskeleg å ikkje stemme på han.
Samba:
Den spelaren eg sett høgast av alle i stallen. Fortsatt \"ung\" og enorm i både i bokstavleg og overført betydning. Episoda i januar, når han ville vekk, trekk litt ned i årets spelar samanhengen. Om han gjorde det for å legge litt press på eigarane, så kan det kanskje forsvarast. Håper han blir i Blackburn til evig tid.
P Jones:
Også ein fantastisk mann. Desverre skada for lenge til at vi kan kåre han til årets spelar, spør du meg.
Du må være innlogget for å svare