Opprettet 4/29/2011 4:00:16 PM
Sist oppdatert 4/29/2011 4:00:16 PM
Skal endeleg eit av desse eventyra ende med ein lukkeleg slutt?
Vår førre siger kom mot West Brom, 23 januar. 23 JANUAR!
Etter dette har vi fått servert 11 eventyr utan lukkeleg slutt, for å seie det slik. At vi skulle gå på ein smell mot Villa i cupen overraska meg eigentleg ikkje.. Men, sidan 2-0 sigeren mot West Brom, den 23 Januar har vi ikkje akkurat imponert, nevneverdig..
Vi rauk ut i cupen, mot villa, med siffera 3-1..
Og, i serien har det ikkje gått noko bedre.. 10 kampar utan siger, 6 tap og 4 uavgjorte.
21 mål i mot
10 mål skåra
Det skal seiast at vi gjorde ein god figur mot Spurs, Arsenal og City og at vi kjempa godt mot Blackpool.. men det betyr liksom ikkje noko, ikkje for meg i hvertfall..kun 3 poeng er godt nok, i hvertfall når situasjonen er slik den er.
Mot Bolton er
KUN 3 poeng godt nok. Og heldigvis slit dei med litt skadar, samtidig som vi nesten har alle vore viktigaste klare til kamp, er vel berre Nelsen vi saknar - om Hoilett er/blir klar.
Eg trur faktisk ikkje eg har vore einige med Steve Kean i ein einaste startelevar sidan han tok over, og nesten ikkje i eit einaste bytte..min konklusjon er derfor den at eg mest truleg hadde gjort ein mykje beire jobb enn han, og vi ikkje hadde leie der me ligg om eg, evt Sam Allardyce - eller kven som helst andre enn Kean hadde leda klubben i mitt hjarte. Trur ikkje eg er mykje på bærtur med den.
Vi treng sårt ein siger i bunnstriden no, samstundes skadar det ikkje om andre resultat der nede i sumpa går vår veg. Men uansett, vi må sikre plassen sjølve. Vi har ikkje noko i PL å gjere om vi ikkje klare det.
Og slik eg ser det, så er dei resterande kampane våre meget overkomelege.
Heime kampar mot Bolton og Scum (3, kanskje 4 poeng)
Borte mot West Ham og Wolves (minst 4 poeng)
Sjølvsagt, alt kan skje med Kean som manager - og då i negativt forteikn, dessverre..
Slik eg ser det så har vi eigentleg ikkje midtbane til å gå ut med 2 spissar, sjølv om vi spelar på heimebane og eg aller helst skulle ønskje Kean hadde ballar til å gå ut i 4-4-2, evt 3-5-2 med to anker.
Kean har lukkast i å fjerne det siste av sjølvtillit som Kalinic har hatt igjen, så han er uaktuell. Santa Cruz har vel knappast spelt ein god kamp sidan hans første sesong på balløya. Benjani har hatt ein god kamp for Rovers, mot Liverpool.
Vi står då att med J-Rob, som eg
faktisk meinar er rett mann for Rovers i nedrykksstriden, sjølv om han ikkje klarar å tuppe ballen i nota. Han er eit rivjarn som slit i stykker motstandarens forsvar kanskje bedre enn kven som helst andre på balløya og med Olsson og Hoilett på kvar sin ving blir vi farlege nok på kontringar, om ein ifrå midtbana klare å kome seg inn i feltet.
Med dødballar ifrå Gamst vil vi kanskje igjen klare å skape rabalder på dødballar, og då skal vi vere farlegast i verda, med Samba, Zonz, P.Jones og kanskje ei tå ifrå Roberts der inne.
Eg vil derfor sjå følgjande lag på Fort Ewood i morga:
Robbo
Salgado Samba PJ Givet
Hoilett Zonz Gamst JJ Olsson
J-Rob
Vi skal/må/bør vinne, og det gjer me. 3-1 til Rovers. Mål ifrå Hoilett, Samba og Olsson.
Eg treng ein lukkeleg slutt i morga, vi treng alle ein lukkeleg slutt i morga.
Arte et labore
og
Up the Rovers!
Du må være innlogget for å svare