Opprettet 4/27/2011 12:08:17 AM
Sist oppdatert 4/27/2011 12:08:17 AM
Kjell Sindre. Eg seier ikkje at Roberts skapar flust av sjansar, snarare tvert om. Mitt poeng er at han er skapar ein god del av det spelet vi etablerer høgt på bana, ved å bruke kreftene sine, og til tider også ein noko overraskande ballkontroll. Noko han ikkje har hatt for vane å gjer. For all del, la det være sagt, eg er ikkje Roberts største fan her inne, og det seier en del, men det han gjorde mot City kvalifiserar ikkje til å bli slakta meir enn mange andre (som f.eks Benj og Emo).
Men til ditt, og alle andres forsvar, ein spiss bør vel strengt tatt skape sjansar og score på meir enn 7% av dei(påliteleg forumstatestikk:)). Likevel kjem det litt an på kva rolle han har, og kven han møter.
Så, gode Kjell Sindre, eg trur i bunn og grunn at eg ikkje er så veldig ueinig med deg, eller nokon andre, eg ser berre ikkje grunnen til å rette kritikk berre for å gjer det. Det gjeld engelske forum også. Roberts blir hakka på(forsåvidt vanlegvis forståeleg), men det virkar som få \"oppdaterar\" meiningane sine frå kamp til kamp. Skal ein absolutt være kritisk, og skal vi ha ein kamptråd, så forventar eg at folk ser kampen også. Ikkje berre resirkulerar meiningane sine for å auke talet bak brukarnamne sitt.
Om du likevel syns Roberts var den desidert mest meiningslause mannen på Ewood Park i går, så skal eg ikkje henge meg meir opp i det. Generelt er vel ikkje forum den plassen ein bør leite for å få kvalifiserte og godt analyserte kamprapportar og spelarvurderingar? Likefullt er det folk sine forskjellige meiningar, noko som kan til tider være like interessant. Så lenge det ikkje er oppgulp frå gamle trådar eller tidlegare innlegg sjølvsagt.. ;)
PS: Kommentaren min om fotballforståelse var egentlig ganske meiningslaus. Beklager den.
Du må være innlogget for å svare