Publisert
8/31/2007
av
På søndag kl 16.00 tar vi i mot Manchester City på Ewood Park. I den forbindelse har vi tatt oss tid til å intervjue en supporter fra City, som faktisk har vært et par ganger på Ewood!
Navnet er Ole Fuglestad, og dette sier han om seg selv og supporterklubben:
Eg er 33 år, og har vore supportar sidan rundt 1985. Eg har vore på om lag 30 ligabaner i England, inkludert gamle Wembley der eg såg City mot Gillingham i playoff-finalen. Eg har vore to gonger på Ewood Park! Einaste vervet eg har i klubben er å vere pressekontakt. Dette for å minske arbeidspresset på leiaren. Leiaren i supporterklubben heiter Tor Sønsteby, og er ein fantastisk ildsjel. Han har mykje av æra for at supporterklubben er så bra organisert. Ellers gjer eg av og til intervju med tidlegare City-spelarar for City Magazine (det offisielle bladet til MCFC). Har også hjulpe til i mindre grad med å skrive artiklar for den norske heimesida til City sin supporterklubb. Har hatt sesongkort sidan 2001. Ellers kan det nemnast at eg ikkje har peiling på fotball, men er til gjengjeld meir glad i øl.
Eg er ein fotballelskar, ikkje ekspert!
Litt info om City:
Fullt navn Manchester City Football Club
Kallenavn The Citizens eller The Sky Blues
Grunnlagt 1880
Hjemmebane City of Manchester Stadium
Kapasitet 48 000
Hovedtrener Sven-Göran Eriksson
Annet Nr. 14 i Premier League 2006/07 sesongen
Hva er utsiktene for søndag Svennis?
Meritter:
Ligamester 1936/37, 1967/68
FA-cupen 1904, 1934, 1956, 1969
FA Charity Shield 1937, 1968, 1972
Ligacupen 1970, 1976
Europacupen for cupvinnere 1969/70
FA Youth-cup 1986
Så over til spørsmålene:
1. Hvordan er supporterklubben når det gjelder antall medlemmer, turer osv?
Har dei siste sesongane hatt over 1000 betalande medlemmar. Har ikkje lengjer organiserte fellesturar. Dette vart for dyrt, og oppslutninga vart ganske dårleg på slutten. Dei fleste vil reise på eiga hand, og planleggje sjølv. Det er nå stort sett nordmenn på kvar kamp. Billettane som vart distribuert til norske fans er samla, så du treff garantert andre nordmenn på stadion.
2. Hvorfor ble det Manchester City, og hvor lenge har du vært supporter?
Det vart City fordi det føltes mest naturleg. På same måte som det er mest naturleg for meg å kline med damer i staden for menn.
3. Hatklubber (dumt spørsmål i grunn) og andre klubber du har sympati for?
Ingen likar scumchester, og har heller ikkje mykje til overs for ´boro. Jævla chemical wasteland. Ellers syns det er festleg når liverpul og arsenal tapar, utan at eg hatar dei noko særleg. Eg kan i farten ikkje kome på nokon lag eg har sympati for, så då er eg vel ein ganske usympatisk person he-he!
4. Hva kan vi forvente av City i år etter den gode sesongstarten? Målsetning?
Me kan vel forvente det meste av City, som alltid! Men for ein gongs skuld trur eg ikkje det er fare for nedrykk! Målesetjing er europacup.
5. Hva mener du om de store rokeringene i trenerstab og spillerstall i sommer?
Det er ingenting spesielt med det. Pearce fekk sparken lengje før City fekk ny eigar. Og ein ny eigar vil jo sjølvsagt ha inn sine folk. Når då den nye manageren hentar inn 8 nye spelarar, så må jo sjølvsagt andre finne seg ei anna jobb.
6. City har fått mye oppmerksomhet i norsk media denne sesongen, mest grunnet Schmeichel jr og Svennis. Et par ord om disse?
Schmeichel er framleis berre 20 år. God på streken men manglar ein del erfaring sjølvsagt. Ikkje så god på innlegg og feltarbeid. Svennis har vunne the double i 3 land, + ymse europacuptitlar. Har også ein sterk statistikk med det engelske landslaget.
7. Hvem er deres viktigste spiller?
Richard Dunne har vunne Player of the Year 3 år på rad. Det har ingen i City gjort før han. Seier vel ein del....
Richard Dunne skal få en tøffere jobb på søndag!
8. Lagets styrker og svakheter?
Har berre scora 4 mål så langt. Manglar nok ein del på å verte samspelt, så eg trur potensialet er stort. Styrken er vel større stall enn i fjor. Vert enklare å takle skade på 7-8 mann samstundes. I perioder gjorde skade og dispensasjonar livet surt for Psycho.
9. Hvordan var følelsen da dere slo United tidligere i sesongen, og å være best i byen igjen?
Heilt som normalt vel? Det var ein periode på nittitalet at me ikkje vann mot dei. Nå vinn me nesten kvar gong, og då er alt som det skal vere.
10. Hva er ditt forhold til Blackburn Rovers?
Får eit intenst hat til Blackburn kvar gong de slår oss.... Men ganske nøytral ellers.
11. Våre styrker og svakheter?
Veit lite om andre lag, inkl. Blackburn. Veit at Gamsten er veldig god, og at trenaren dykkar er ein raud djevel. Kjenner også til Derbyshire som spelar på lag med eit par andre City gutar på U21.
12. Hvilken posisjon burde vi være fornøyd med?
Det bør ein som kjenner til kva ressursar og ambisjonar de har svare på.
13. Hvilken lagoppstilling kommer dere med på søndag?
Svennis har uttalt at sjølv om han er tilhengar av rotering, så er ikkje det aktuelt før City speler Europacup. I dei fire første kampane, så har det vore mindre endringar frå kamp til kamp. Alt etter skade osv.
14. Og hvordan kamp kan vi forvente oss?
Trur det vert ein jamn kamp som vanleg.
15. Resultat?
0-5
16. Hvem vinner Premier League i år?
Det står nok mellom Wigan eller Chelsea.
17. Hva skal til for at lag som Man City og Blackburn skal klare å ta enda noen steg nærmere de 4 ”store”?
Money is the name of the game. Chelsea t.d. er ikkje ein større klubb enn City. Dei har berre hatt meir pengar dei siste åra.
DISKUTER kampen her på BRSCN.com!