Publisert
3/5/2010
av
Har signert utlånsavtale på 1 månad.
I dag melder rovers.co.uk at Steven Reid har gått på utlån i 1 månad i Championship-klubben West Bromwich Albion.
Reid har lenge vore plaga med skader, men har fått nokre innhopp for Rovers denne sesongen. No håpar både Reid og klubbane at han skal verte ein suksess i WBA.
Fyrste motstandar for Reid er artig nok Queens Park Rangers, der Reid var på eit mislukka låneopphald før nyttår. Reid kjem i alt til å vere tilgjengeleg for WBA i 8 kampar, og får ta del i toppsjiktet i Championship. West Brom ligg nemleg på andre plass i divisjonen, med seks poeng opp til Newcastle på førsteplass, og to poeng til Nottingham på tredje.
Vi ynskjer alle Reid lukke til!