Opprettet 3/22/2010 1:33:03 PM
Sist oppdatert 3/22/2010 1:33:03 PM
Det blir vist ingen gratiskamp. Er svært usikker kva eg syns om dette. Synes Canal+ gjer ein fin jobb rundt sendingane, men det skal seiast at eg mykje heller vil ha Øyvind Alsaker som kommentator en fredheim, og ikkje minst tor-Rune Haugen, eller kva han no heiter.
Syns det er sjukt irriterande å høyre den mannen kommentere Blackburn.
For å ta gårsdagen som eksempel:
Eg syns vi startar kampen ganske ok. Vi klarer å halde på ballen ein del, og skaper litt, om ikkje akkurat like mykje som Chelsea. Etter målet, er det lite som tilseier at Chelsea skal auke leiinga. likevel presterer denne mannen å seie ting som:
"Chelse dominerer fullstendig kampen nå", om dei har ei avslutning på mål. Vi har faktisk fleire gode sjansar vi enn dei, men dårlegare avslutningar.
Etter vi har scora i andre omgang, så presser Chelsea ein del, greit nok. Men etter eit ett-minutts-angrep, så kjem det typiske sitat som: "Blackburn er fullstendig køyrt".
Denne lovprisinga av topplaga er døvt å høyre på, og etter mi meining lite innsiktsfult.
Når Blackburn klarer å øydelegge såpass mykje for Chelsea sitt spel, og i tillegg klarer å kome tilbake etter å ligge under nesten heile kampen, så forventar eg litt god tilbakemelding. Til og med Ancelotti hadde eit par gode ord om Blackburn etter kampen.
Du må være innlogget for å svare