Opprettet 11/28/2010 10:56:54 PM
Sist oppdatert 11/28/2010 10:56:54 PM
QPR står med 11 seiera og 8 uavgjort på dei første 19 i championship og toppar tabellen.
Blackburn har på sine første 15 kampar i PL 5 seiera, 3 uavgjort og 7 tap og ligg på 13. plass.
No har eg ikkje sett ein einaste QPR kamp i år, men dei må ha spelt stabilt godt i år for å kunne ligge der dei ligg.
Blackburn på den andre sida har eigentleg spelt stabilt under par denne sesongen, med berre eit par småglimt av god fotball.
Vi skal normalt gå vidare i ein kamp som denne, men vi har røke for svakare motstand/lag i frå lavare divisjonar i cupane før og QPR er vel eit av dei beste "svake" laga vi har møtt i cupen på ei stund, så alt kan skje i denne. Blir ikkje forbausa om vi går på ein smell, men reknar med vi skal klare å ta oss vidare til fjerde runde. Satsar på at ei god blanding av etablerte og unge lovande skal fikse biffen i denne.
Blir spennande å sjå om vår felles indiske relasjon blir ein del av oppbygginga til denne kampen ;)
Du må være innlogget for å svare