Opprettet 10/19/2010 3:37:56 PM
Sist oppdatert 10/19/2010 3:37:56 PM
Syns eigentleg det blir for dumt å slenge ut ordet KRISE etter kvar kamp. Krise er det som skjer med ein så stor klubb som liverpool for tida. Ein kan også kalle sagan rundt Rooney for tida ei lita krise, eller alle poenga Scum har rota bort på tampen av sine kampar.
Men vi er verken ein stor klubb eller ein klubb med store stjerner. Vi skal vere godt nøgde med fjorårets 10ande plass, noko som er langt bedre enn kva Rovers eigentleg har forutsettninge for.
Greit nok, det er forferdeleg å sjå at klubben i vårt hjerte ikkje presterar bedre enn dei gjer. At det ikkje verkar som vi har ein plan over spelet vårt og at vi stortsett belagar spelet vårt på lange ballar opp mot kalinic og på dødballar. Sam Allardyce har vel også forsovidt hatt meir enn nok tid til å sette litt meir preg på spelet vårt og få til eit slags spelesystem, men med dei spelerane og dei middla klubben har..så har eg forståelse for at dette er ei vanskeleg oppgåve for BFS.
Vi kan vel nesten med sikkerheit sei at det kun er Blackpool som har mindre pengar å rutte med enn oss. (på den andre sida, eg såg Blackpool - City, og ´pool spelte til tider fantastisk angrepsfotball) Vi har vel heller ikkje gode nok midtbanespelera til å spele med 4 eller 3 på midten. Så sånn sett er vi meir eller mindre dømt til å spele med 1 på topp.
Eg er fullstendig einige i at vi spelar møkkafotball og at det er på tide å prøve noko nytt.
Mot sunderland, i 2 omgangen og tidvis i første omgangen så viste vi i vertfall at vi kan angripe på bakken. Og når vi er så farlige som vi er på dødball, så må vi nyttegjere oss av det, kanskje prøve å perfeksjonere det enda meir..for vi har ikkje akkurat bøtta inn mål på dødball så langt.
Orde KRISE er i vertfall ein stor overdrivelse i ein så pass liten klubb som Blackburn Rovers. I så tilfelle er vel krisa minst like stor og kanskje større i West Ham, Newcastle, Sunderland og Bolton og delevis i Villa, Fullham og Everton. For dei har ikkje prestert så mykje bedre enn oss og med unntak av kanskje West Ham så er vel kanskje samtlege tippa høgare enn oss og har bedre forutsettningar enn oss.
Ein ting er i vertfall klar, vi treng forsterkningar i alle ledd. Med unntak av keeperplassen kanskje. Vi treng nye eigera og ny frisk kapital. Vi treng å legge om spelet vårt og formasjonen vår. Hadde vi hatt alt dette, så kunne vi kanskje kalt situasjonen for ei krise.
Vi har lite og treng mykje.
4-4-2 fungerar ikkje med den stallen vi har. Det blir for tynt på midtbanen. Og vi har vel rett og slett ikkje gode nok offansive backar for å meistre det.
Vi kunne i vertfall prøvd denne start 11´ren i ein diamant formasjon med offansive backar:
Robbo
Emo-Samba-Nelsen(Jones)-Olsson
N´zonzi(Grella)
Diouf-Gamst
Dunn
Mame(Benjani)-Kalinic
Ser allereide at når pengane kjem så bør vi invistere i ny høgreback, reindyrke olsson på venstreback eller invistere i ny v.back. Vi treng minst ein ny sentralmidtbane spelar og ein "stand-in" for Dunn.
Skal vi spele med flat 4´er på midtbanen treng vi også ein eller to nye vingar, som faktisk kan forsere ein mann og slå gode innlegg. Vi hadde Bentley, men sidan har det vore tynt på den fronten. Diouf har vist seg som ein ny mann denne sesongen og har kanskje vore vår beste så langt, men alikavel meiner eg vi treng friskt blod på begge vingane. Gamst manglar mykje på å vere den vingen han var dei første sesongane, så han ser eg vekk i frå. hans kvalitetar viser seg best meir sentralt.
Men skal mangen inn, må mange ut. Dei som stikk seg mest fram der i mine auger er:
-Brown eller Bunn. Med Fielding på fram mars treng vi ikkje begge.
-Chimbonda
-Grella
-Andrews
-Roberts
-Rigters
(-og muligens Emerton)
Er ikkje mykje pengar å hente her, men blir vi kjøpt opp så får vi vel uansett ein del å handle for. Og med tanke på at vi treng ein del nye så må stallen slankast for ein kvar pris.
Vart kanskje litt mykje rot dette, men satsar på dykk fekk med dykk tråden i innlegget.
Neste helg skal vi møte eit lag i KRISE, så då må det vere lov å håpe på 3 poeng :D :D
Du må være innlogget for å svare