Opprettet 9/26/2010 10:17:47 PM
Sist oppdatert 9/26/2010 10:17:47 PM
For meg verkar det som om dei av dykk som er negative her på forumet trur Blackburn er ein mykje bedre klubb enn kva dei er.
Det er sikkert 15 klubbar i PL som har ein bedre stall enn oss, i vertfall i dei 2 fremste ledda.
Ikkje har vi forsterka noke særleg i år og ikkje har vi svekka oss noke særleg. Men stallen sett under eitt er ikkje god nok for å kjempe om europa og i vertfall ikkje god nok til å spele fotball slik arsenal, chelski, shitty, scum, spurs, villa, liverpool, everton... gjer, vi har rett og slett ikkje spelartypane til dette.
10plassen i forge sesong var for meg ei 3-4 plassar bedre enn forventa.
Eg er også positiv med tanke på starten av inneverande sesong, at vi vinn på ein dårlig dag er vel langt i fra noko negativt? 3 poeng er 3 poeng, eg gir eigentleg blanke faen i korleis vi tar poenga berre vi tar nok poeng til å havne på ein av dei 12 øverste plassane.
Der er også mykje som tyder på at vi kan vente oss ein bedre sesong enn den forge:
*EH Diouf storspelar, faktisk. Verkar som ein ny mann, ny spelar i vertfall!
*Niko har ein sesong bak seg i PL og viser prov på kva han kan.
*Vi har ein sterk bakre 4´er med rutine.
*Phil Jones forsett der han slapp i fjor.
*Vi har i Robbo ein av dei beste keeperane i PL.
*MB Diouf har alt putta 4 for oss og eg trur han kan vises seg som eit meget godt lån.
*DUNN har enno ikkje spelt eit min og vi har starta dei 6 første med å plassere oss sjølve på øvre halvdel.
Vi har berre spelt 6 kampar så langt. Greit nok, vi kunna hatt 2, kanskje 4 poeng meir. Men alt i alt har vi starta sesongen bra. Vi har vist vi kan spele fotball og vi har også vist vi kan ta 3 poeng på ein dårlig dag, med litt flaks. Det er forsatt 32 kampar igjen av sesongen.. Så å rope Ulv, ulv alt no det er for meg noko underleg.
Skal eg peike og pirke på ein ting, så må det vere taktikk.. men som sagt, vi har eigentleg ikkje spelartypane til å gjere det noko bedre. Det er også meget irriterande at vi gong på gong har leda, for so å gje frå oss poeng.
Men eg har tiltru til BFS og er meget sikker på at utover i sesongen så vil vi luke vekk slike junior feil.
Vi har aldri hatt for vane å starte sesongane bra, i år er vi over gjennomsnittet.
Legg "krisa" på vent folkens..
Du må være innlogget for å svare