Opprettet 12/12/2009 6:10:40 PM
Sist oppdatert 12/12/2009 6:10:40 PM
Topp å halde nullen igjen. Sjølv om Hull hadde eit par farlege sjansar, synes eg vi var desidert det førande laget. Noko statestikken også viser. Synes vi er stødige om dagen. Blir spennande framover no. Husk at i knapt har tatt poeng på bortebane siste året. Dette er udiskutabelt eit steg i rett retning.
At vi ikkje scorar mål i dag, er ikkje så bra. Eg trur uansett ikkje vi skal bekymre oss så veldig over akkurat det. Kalinic vil nok nette mange for oss når han får stilt inn siktet. Mektig imponert over korleis han bevegar seg, og kjem til sjansar. Ikkje berre i dag, men også sist kamp mot Liverpool klarer han å kome til ganske feite sjansar. I tillegg er det berre to kampar sidan vi scora 3 mot chelsea(dog på 120minutt).
Kalinic, Di Santo, McCarty og Roberts. Eg meinar det er ei ganske slagkraftig spissrekke. Trur ikkje det er der problemet ligg. La dei få spele seg i form, så kjem måla. Garantert!
Du må være innlogget for å svare