Opprettet 1/27/2009 12:53:40 PM
Sist oppdatert 1/27/2009 12:53:40 PM
Supporterinterjvu BoltonDet er duket for et heftig lokaloppgjør på onsdag, og Big Sam møter sin gamle klubb.
Navn: Kjell Sindre Schmidt
Alder: 24
Bosted: Oslo
Stilling i BRSCN: Korrekturleser og nyhetsreserve
Hvorfor er du
Roverssupporter?Å skulle rasjonalisere valet av favorittlag er vel noko som alltid må ende i med ei løgn? Med litt rot i røynda kan eg kanskje framstille det slik: I ein alder av ni år gjekk eg inn i ein rasjonell dialog med mitt kjære syskenbarn som då var åtte år. Han var svoren Blackburn-fan, medan eg rota rundt med diverse andre dumme lag. Etter at me hadde "diskutert" litt vart eg også Blackburn-fan (Takk Kristian!). Denne gode dialogen har halde fram, både småbrødre andre familiemedlemmar har funne det rette laget.
Hva er ditt største høydepunkt som supporter? Det er mange høgdepunkt - så kva er det største? Eg trur eg får seie at perioden under Hughes er eit langt høgdepunkt (om enn med ein trist slutt). Den profesjonelle måten heile klubben vart styrt på, innsatsen og lagmoralen, dei geniale kjøpa, dei herlege profilane. Ein gjekk sjeldan på Roverskamp utan å ta med seg kjensla av at "denne kan me vinne".
Hvordan ser du kampene?Så lenge dei vert sendt på tv ser eg dei på BRSCN sin samarbeidspub i Oslo - O´Reillys. Det er plassen å vere på kampdag, god avtale og super atmosfære.
Hvordan er ditt forhold til Bolton?Til Bolton har eg eit herleg hatforhold. Sjølv om Burnley er den verkelege rivalen er det jo Bolton som har gjort det kvassast av våre næraste nabolag. Under Big Sam var dei alltid fryktleg vanskelege å møte, og kombinert med at dei hadde nokon utriveleg spelartypar var det nærast sjølvsagt at litt hat vaks fram frå mi side. Eg hatar dei sjølvsagt framleis, men dei er ikkje gode som før.
Hva er deres styrker og svakheter?Ja, kva er eigentleg dei sterke sidene til Bolton? Vel, dei har ein god keeper, som nok er verdt nokre poeng per sesong. Forsvaret er også nokså habilt, og dei har relavtivt bra med backup bak på bana. Framover osar det ikkje av kreativitet, og eg tykkjer stallen verkar nokså smal. Det "vesle ekstra" manglar så absolutt, og eg lurer på om det ikkje skulle vere mogleg å finne ein betre spiss enn Johan Elmander for 11mill pund? Eg hadde heller ikkje vorte kjempeglad om Megson vart manager for Rovers, for å seie det slik.
Kostbar svenske.Big Sam møter gamle kjente, tror du vi har noen fordeler med det?Eg har inntrykk av at Big Sam kjenner Premier League veldig godt, og truleg Bolton ekstra godt. Han har sjølv sagt at han får eit lite ekstra kick av å slå sine tidlegare lag, og kanskje får han litt ekstra respons frå spelarane pga. dette. På den andre sida; det er sikkert nokre Boltonspelarar som gjerne skulle ynskje å slå Big Sam.
Forrige møte med Bolton endte litt uheldig 0-0 på Reebok. Hvis du så kampen; hvordan var kampbildet? Hvorfor vant vi ikke?Ein frykteleg kamp, til liks med mange andre i perioden under Ince. Ein av det mest keisame kampane denne sesongen, det skjedde verkeleg ikkje mykje. Her slapp me rett nok ikkje inn mål, men så skapte me så å seie ingen ting framover. Eg kan også minnast ein stor bom frå Jason Roberts, var det ikkje ein heading på nærast ope mål som vart sendt trygt utanfor? I ein kamp med så få sjansar må vel den bommen verte rekna for ein grunn til at me ikkje vann. Elles var kampen var prega av spelarar utan fantasi, samt at Robbie Fowler fekk lov til å starte på topp - noko som gjorde vondt å sjå. Det var noko med det der å gje seg på topp, og for manageren sin del å sjå når ein spelar er ferdig på toppnivå.
Hva skal til for at vi plukker med oss 3 poeng på onsdag?Bolton spelar ikkje med stor sjølvtillit om dagen, så eg trur me får sjå eit Rovers som er kompakt bakover, men som tek sikte på å styre kampen frå fyrste spark på ballen. Eit tidleg mål og eg trur mykje vil vere gjort.
Hvilke 11 spillere bør få tillit mener du?Om dei småskada spelarane vert klare er det desse 11 som bør starte:
Robinson
Ooijer-Samba-Nelsen-Warnock
Emerton-Grella-Dunn-Gamst
Benni-Roberts
Då skulle det vel vere ein og anna habil spelar att til å fylle benkeplassane også.
Grella ser ut til å bli spilleklar.Hvem har vært vår beste spiller hittil i sesongen? Hvorfor?Eg tykkjer måten dei to para Samba-Nelsen og Benni-Roberts har vakse under Big Sam vil føre til at dei vil vere med i diskusjonen når sesongen er over. Det blir litt vanskeleg å peike ut ein av desse no, sidan det ikkje var heilt på same vis under Ince, men eg trur eg vel å lande på Benni som har scora åtte mål på ni kampar frå start og sju som innbyttar. Mannen er rett og slett ein målscorar i ypparste klasse, så lenge han har hovudet med seg. Benni fortener forresten litt støttte, kor utriveleg kan det vel ikkje vere å score to mål mot United som innbyttar og måtte sitje på benken i nesten heile den påfølgjande kampen?
Hvor tror du vi ender på tabellen?Eg er veldig imponert over kva Big Sam har fått til på kort tid, særleg det å få forsvaret vårt til å framstå som botnsolide att er godt gjort. Eit par signeringar til no i januar (kjøp/lån), så trur eg det kan gå retteleg godt, og dermed endar me på (nesten sensasjonell) 10.plass.
Hvem vinner Premier League?Er det ikkje minst like spennande kven som rykker ned? Eg har gode draumar om at både at Newcastle og Tottenham skal hamne under streken etter 38 spelte kampar. Laget som vinn ligaen er Manchester United. Aldri i verda om Liverpool greier det, det er berre fire store lag i England.
Intervjuet er i sin helhet utarbeidet av BRSCNs ferierende supporterintervjuansvarlig Kjetil Christoffersen (you lucky bastard!).
Du må være innlogget for å svare