Opprettet 9/6/2007 12:46:59 AM
Sist oppdatert 9/6/2007 12:46:59 AM
Synest vi var betre enn Chelsea i FA-semien for 14 kampar sidan (siste tap!) Det at vi ikkje har tapt etter det, og at vi er inne i ei sinnsjukt bra periode, bør tilseie at vi kan verkeleg utfordre dei no.
Det er sjølvsagt i overkant optimistisk å håpe på seier på stamford bridge, men om vi spelar like godt som i dei tre siste pl-kampane kan det skje.
Meir realistisk trur eg at vi kan kjempe oss til eit poeng, og vi bør vere strålande nøgde med det.
Håper sjølvsagt på samme lagoppstilling som mot city, og at Tugay har karantene gjer ikkje så mykje, då eg trur Mokoena uansett hadde vorte prioritert på benken.
Savage kan vel vere blant dei einaste i PL som kan klare å forstyrre Mikel, og øydelegge pasningsspelet hans. Der andre aggresive midtbanespelarar ofte ligg lågt på bana(som Mokoena), er ofte Savage langt framme og forstyrrar.
Håper Dunn scorar minst tre "Lampard-mål" (skot i spelar-spelar-stang-inn)
! Gler meg til å sjå denne kampen.
Du må være innlogget for å svare